Os kommune er i dialog med eigarane av Statoil-tomta om eit oppkjøp av tomta.
Os kommune er i dialog med eigarane av Statoil-tomta om eit oppkjøp av tomta.

- Me har ytra eit ønske om å tileigna oss tomta

Os kommune er i dialog om oppkjøp av Statoil-tomta for å sikra seg handlingsrommet som ligg i den godkjente reguleringsplanen for området.

Kjøp av Statoil-tomta er ei sak som har vore drøfta i lengre tid i samband med planane for det nye parkeringshuset på Øyro. Då me var kontakt dagleg leiar i Statoil Osøyro om den føreståande namneendringa til Circle K, ville han ikkje seia noko meir om eit eventuelt tomtesal, enn at det måndag var kome "noko informasjon" om den pågåande dialogen mellom kommunen og eigaren av tomta.

- Eg har vidaresendt informasjon til salssjefen, som har teke det vidare til eigedomsavdelinga. Noko meir enn det veit eg ikkje per no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Endrar namn

Ordførar Terje Søviknes stadfestar dialogen om eit eventuelt tomtekjøp.

- Me ønskjer å kjøpa tomta og er i dialog med noverande eigar. Dette er ein prosess som har pågått over lengre tid, fortel ordførar Terje Søviknes.

- Me ønskjer å kjøpa tomta og er i dialog med noverande eigar. Dette er ein prosess som har pågått over lengre tid, fortel ordførar Terje Søviknes.
- Me ønskjer å kjøpa tomta og er i dialog med noverande eigar. Dette er ein prosess som har pågått over lengre tid, fortel ordførar Terje Søviknes.

Klar over interessa

Kontakten går gjennom Ståle Simonsen i Byvegen 2 AS, som er eigd av Midgard Gruppen, som også tidlegare eigde Peppes-bygget på kaien.

- Midgard Gruppen har vore inne i eigedomsmarknaden i Os ei stund, men har signalisert at dei vil selja seg ut, seier Søviknes.

I dag er det Statoil som held til på tomta. Dei har leigekontrakt til 2018, og skal i år gjennom namneskifte og fasadeendring. Dagleg leiar Nils Øyvind Eidsvik, er klar over at Os kommune er interessert i å kjøpa tomta, men han er innstilt på at dei blir verande i alle fall ut 2018.

Statoil har forkjøpsrett

For Os kommune har det vore viktig at ting blir gjort i riktig rekkjefølgje.

- Me har forholdt oss til eigarane av tomta. Statoil Fuel & Retail har oppsjon på å tre inn om eigedomen blir selt. Dette er noko som må avklarast mellom eigar og Statoil før me kan kjøpa tomta, seier Søviknes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om det skulle enda med at me kjøpar tomta, så er me innstilt på at Statoil skal kunna vera der ein periode til.

- Er det aktuelt å prøva å få dei til å flytta ut før leigekontrakten går ut?

- Me held alle moglegheiter opne. Om ikkje forkjøpsretten blir brukt, og me får tomta, vil me setja oss ned med Statoil og drøfta framtida. Det kan henda dei ønskjer å vera der i ein kortare, eller lengre periode. Me ønskjer òg ein dialog med dei om det er andre fasilitetar i sentrum som kan vera betre eigna for drift av bensinstasjonen, seier Søviknes.