MC-førar felt av hjort
I 60 km i timer gjekk ein MC-førar i bakken då ein hjort sprang ut framfor motorsykkelen fredag kveld.
Ein MC-førar gjekk i bakken fredag kveld, då ein hjort kom løpande ut i vegen framfor motorsykkelen. Uhellet som var meldt til politiet klokka 20.58, skjedde på Nore Neset mellom skulen og Irgenskrysset.
Føraren fall i bakken i ca 60-km i timen. Vakthavande betjent ved Os lennsmannskotor opplyser at skadeomfanget er uvisst.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er mogleg føraren hadde brotskade i ein hand, men vi har ikkje fått tilbakemelding på det, seier betjenten.
Påkøyrsle bakfrå
Fire minutt seinare kom det ny melding om trafikkuhell. Denne gongen i Søvikvegen. Der hadde ein bilførar stoppa for ein som kom i mot på eit smalt parti.
- Bilen bak stoppa ikkje og køyrde i baken på bilen framfor, fortel vakthavande betjent.
Der var ein person i bilen som kom bak og var årsak til uhellet, og fleire i den andre. Det er ikkje meldt om personskade.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hjort måtte avlivast
Ein moped vart stoppa på Byvegen klokka 22.13 fredag kveld. Skiltet var bøygd oppover og umogleg i lesa. Føraren fekk beskjed om å ordna dette.
Natt til lurdag klokka 00.05 blei ein hjort påkøyrd i Hegglandsdalen. Vilnemnda blei kontakta og den uheldige hjorten avliva.
Patrulja såg seg nøydd til å visa bort ein sint og sur person som oppheldt seg utanfor utestad i Os klokka 00.45 natt til laurdag. Personen skal ha etterfølgde ordre.
I 1-2-tida natt til laurdag vart ein pers køyrd heim av taxi, utan å gjera opp for seg.
- Eg vil anta dei ordnar opp i ettertid, seier vakthavande betjent ved Os lennsmannskontor.
Gjennom heile helga har politiet stoppa bilar på natta og sjekka førar for førarkort og promille. Dei har kontrollert mange utan å koma over nokon med promille.