Det kjem godt med at Maria Steien er medlem av Opptur Motbakkeklubb og kjapp og lett på labben. Fredag morgon sprang ho for å rekkja over alle kundane i butikken.
Det kjem godt med at Maria Steien er medlem av Opptur Motbakkeklubb og kjapp og lett på labben. Fredag morgon sprang ho for å rekkja over alle kundane i butikken.

Måtte springa for kundane

Tilbodsvarene gjekk unna etter Black Friday-opninga i AMFI Os i dag tidleg. I Sport1-butikken sprang dei for kundane.

Den norske handelstanden har forlengst importert amerikanske tilbods-tradisjonar. Fredag morgon opna AMFI Os dørene så tidleg som klokka 07. Høvet var Black Friday, tradisjonen der ein legg ut ei rekkje tilbodsvarer dagen etter Thanksgiving.

Kø til å leva med

Black Friday-konseptet markerer også starten på julehandelen. I AMFI Os var det mange som kunne stadfesta dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eg er ute og handlar julegåver, men du får ikkje vita kva. Nokre av dei eg kjøper til kan lesa, humra Kjetil Hansen.

Politimannen rakk ein morgon-handel med konemor før han skulle på vakt på Os lensmannskontor.

- Det er bra kø her, men det går jo framover, seier Kjetil.

Veronika Flotve Røssland og kollegaane på Ringo Pluss ekspierte i rekordfart for å få fortgang i den lange køen.
Veronika Flotve Røssland og kollegaane på Ringo Pluss ekspierte i rekordfart for å få fortgang i den lange køen.
Kjetil Hansen stod eit kvarter i kø for å kjøpa litt julegåver.
Kjetil Hansen stod eit kvarter i kø for å kjøpa litt julegåver.
Alt ein halvtime etter opning gav Andreas Søfteland opp å telja kor mange som hadde vore ekspidert. - Det har vore mange, og flerie vert det garantert utover dagen, smiler Søfteland.
Alt ein halvtime etter opning gav Andreas Søfteland opp å telja kor mange som hadde vore ekspidert. - Det har vore mange, og flerie vert det garantert utover dagen, smiler Søfteland.

Han antok at han hadde stått kring eit kvarter i køen, før han nær var framme.

Bak kasseapparata på Ringo Pluss, sveitta dei tilsette godt. Men dei unge og kjappe ekspeditør-jentene klarte likevel å gleda seg over den store trøkken.

- Det er heilt vilt, me har vel hatt over 200 inne berre no første tre kvartera, seier Veronika Flotve Rossland.

Mykje springing

På Elkjøp var det definitivt størst kø heilt i starten. Flatskjermar, telefonar og lap-toppar fekk bein å gå på. Men knappe halvtimen etter opning var det faktisk mogleg å få tak betjeninga rimeleg raskt.

- Ein del av tilbodsvarene går kjapt, men me har mange godsaker igjen, seier Fredrik Andresen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Sport1-butikken i andre høgda var det framleis bra med folk i det klokka passerte kvart på åtte.

Opptur-paret Maria Steien og Andreas Søfteland fekk god bruk for løpsstyrken då dei måtte dekkja store salsflater på kort tid.

- Det var heilt vilt i starten, men no rekk me å berre småjogga, skjemta Søfteland.

Han la til at også dei hadde mykje salsvarer igjen til dei som ville stikka innom seinare på dagen.