Måtte setja ned farten to gonger på same dag
Lyshorntunnelen var gjenstand for fleire utfordringar tysdag.
Ein tom og forlatt bil i ei havarilomme inne i tunnelen, fekk alarmen til å gå hos Vegtrafikksentralen som straks sette ned farten.
Like etterpå kom det melding om gjenstandar i vegbanen, moglegvis røyrdelar. Også dette førte til at farten vart sett ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Slikt kan i verste fall føra til at tunnelen vert stengd, fortel fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.