Bremsekloss: Saka er omtala som ei «gigantisk unødvendigheit» og ein «bremsekloss for utvikling» av fleire verksemder. Torsdag tok kommunestyret stilling til saka, etter at alle habilitetsspørsmål var unnagjort.

Måtte kalla inn ei røys med vararepresentantar for å handsama betent sak

– Det ryddigaste er nok at dei som har eigarinteresser i området ikkje deltek i handsaminga av saka.

Slik konkluderte kommunestyret. Dermed måtte Marie Lunde Bruarøy (H), Emil Tetlie Brimsholm (H), Espen Aspenes (Frp), Jonn Garvik (Frp), Ole Viggo Skaathun (Frp), Bjarte Aarvik (Frp), Line Furubotn Storum (Ap) og Ole Reinert Berg-Olsen (V) alle setja seg på sidelinja.

Les også
Inka må utvida for å henga med i marknaden. Fryktar planane skal gå i vasken

Statens vegvesen har søkt om å få utvida bandleggingsperioden for kommunedelplan for E39 Stord–Os med fire nye år, altså åtte år til saman. 24. oktober gjekk fristen for å koma med innspel til saka ut. Før den tid gjorde fleirtalet i det førre plan-, bygg- og miljøutvalet følgjande vedtak:

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirtalsvedtaket frå 4. oktober:

«Plan-, bygg- og miljøutvalet i Bjørnafjorden kommune presiserer at delegert vedtak av 05.06.2023 ikkje er i tråd med gjeldande politiske vedtak.

Kommunen sitt standpunkt gjennom fleire vedtak i planutval og kommunestyre er at statleg kommunedelplan slik den ligg no, og dei negative konsekvensane med planlegginga, ikkje er ønskeleg for kommunen.

Det er spesielt viktig å poengtera at bandlegging og planlegging i området Kuventræ/Kolskogen er hemmande for både næringsverksemd og bustadene som blir råka. Å hindra utvikling av lokalt næringsliv i fire nye år er uakseptabelt. Det er også uakseptabelt for kommunen at dei som er busette i området skal ha same usikkerheit i fire nye år der det vil vera vanskeleg å både utvikla og selja bustadene.

Bjørnafjorden kommune stiller seg altså ikkje positiv til forlenging av bandlegging i statleg kommunedelplan for E39 Stord-Os. Vedtaket skal snøggast råd sendast til Statsforvaltaren i Vestland og Statens Vegvesen. Det er viktig at dette kjem inn som formelt høyringssvar i høyringa til SVV som vart annonsert i lokalavisa 29. september med frist 24. oktober.»

– Konfliktsak: – Det er openbert at saka burde vore handsama politisk. Alt som omhandlar denne store konfliktsaka, må opp til politisk behandling, understreka Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Avgjerda vart anka inn for kommunestyret, som tok stilling til saka torsdag.

– Fristen er gått ut. Det betyr ikkje at vi ikkje skal handsama saka. Kor nyttig det er, er ei anna sak, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) før han fekk opplyst frå ordførar Terje Søviknes (Frp) at fristen var utsett til 31. oktober som følgje av kommunestyrebehandlinga.

– Det burde kanskje alle ha vore opplyst om på førehand, sa Nøttseter før han heldt fram.

Saka vart i utgangspunktet avgjort gjennom eit administrativt vedtak i juni, noko Nøttseter meinte var feil. Det var også bakgrunnen for at han løfta ho fram i lyset i PBM-møtet i oktober.

– Dette er ei sak av prinsipiell karakter. Det er openbert at ho burde vore handsama politisk. Alt som omhandlar denne store konfliktsaka, må opp til politisk behandling, understreka han.

Les også
– Djupt provoserande at saka er «snike» under radaren på denne måten
Les også
15 verksemder: – Gigantisk unødvendigheit og ein bremsekloss for utvikling

I ettertid har det kome reaksjonar frå eit stort tal verksemder i Kolskogen, som er råka av bandlegginga, og som meiner at det er ei «gigantisk unødvendigheit» og ein «bremsekloss for utvikling».

– Reguleringsplanen for Kolskogen burde vore fornya i førre periode, og i alle fall i denne perioden. Fire nye år med bandlegging vil vera veldig destruktivt for utviklinga i industriområdet, meinte Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Presenterte framlegget: – På denne måten ivaretek vi interessene til dei grunneigarane som har utviklingsplanar, sa Gustav Bahus (Frp) om framlegget til Frp og H.

La fram nytt forslag

Men Frp og Høgre stilte seg ikkje bak det administrative vedtaket om å forlengja bandleggingsperioden, slik mange trudde at dei kom til å gjera.

På vegner av dei to partia la Gustav Bahus (Frp) fram følgjande uttale: «Bjørnafjorden kommunestyre syner til søknad frå Statens Vegvesen om forlenging av bandlegging – E39 Stord-Os, utarbeiding av statleg reguleringsplan. Primært ønskjer Bjørnafjorden kommunestyre minst mogeleg bandlegging, både i geografisk utstrekning og i tid, då dette kan gje negative konsekvensar for utvikling av eigedom i traseen».

Vidare viser partia til det administrative vedtaket av 5. juni 2023, og legg til at dersom bandleggingsperioden vert utvida, ønskjer kommunestyret å leggja inn nokre føringar:

• Bjørnafjorden kommune føreset at det er rom for dialog med Statens Vegvesen/Statsforvaltaren i Vestland slik at det kan gis dispensasjon for konkrete prosjekt i bandleggingsområdet, ref. prosess i regi Vestland fylkeskommune for utbygginga knytt til Os vidaregåande skule.

• Bjørnafjorden kommune føreset at bandleggingsområdet undervegs i perioden kan reduserast som følgje av gradvis aukande detaljering og avklaring av reguleringsplanframlegget for E39 Stord-Os.

– På denne måten ivaretek vi interessene til dei grunneigarane som har utviklingsplanar, sa Bahus.

Skjønte ingenting: – Kva er poenget med å anka inn ei sak som lyttar til næringslivet og som seier at vi ikkje ønskjer ei slik bandlegging? Eg skjønte ingenting då det skjedde i PBM, sa Trine Lindborg (Ap).

– Vi kunne handtert dette sjølv

Både Terje Sperrevik (Sp) og Trine Lindborg (Ap) viste til saka, som var éi av dei siste Os kommunestyre hadde på sakskartet i 2019, der Frp og Høgre, samt Thorstein Skårnes, som på den tida var uavhengig, røysta for ei statleg detaljregulering av Hordfast-traseen.

Les også
Hordfast: Posisjonen sa ja til statleg detaljregulering. Opposisjonen ba om lovlegheitskontroll av vedtaket

– Vi kunne handtert dette sjølv, men det ville ikkje Frp og Høgre. Statens vegvesen lova at vi skulle få vera tett på prosessen. Det har ikkje skjedd, sa Sperrevik og karakteriserte heile opplegget som triste greier.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er poenget med å anka inn ei sak som lyttar til næringslivet og som seier at vi ikkje ønskjer ei slik bandlegging? Eg skjønte ingenting då det skjedde i PBM, sa Lindborg.

– Frp og Høgre er opptekne av å hegna om det lokale sjølvstyret. Det er alt anna enn lokalt sjølvstyre vi er vitne til her, la Ap-politikaren til.

– Det er fint å sjå at Frp har endra meining. Partiet har tydelegvis ei heilt anna haldning til saka i dag enn i PBM, sa Nøttseter då han fekk ordet på ny.

MDG-politikaren meinte likevel ikkje framlegget var godt nok, og oppmoda kommunestyret om å røysta for planutvalet si oversending i staden.

– Å bandlegga desse område i fire nye år, er ikkje ønskjeleg, understreka han.

– Vi såg ikkje på det som vart sendt inn frå administrasjonen som kontroversielt. Vi har likevel valt å spissa det og gjera det meir politisk i ettertid, sa Bahus før 19 av representantane (Frp/H) røysta for Frp og H sitt framlegg, og 16 (Ap/SP/INP/SV/MDG/V/KrF) røysta for PBM sitt framlegg.