Martinsens siste stikk
Anne Martinsen (KrF) har leidd Utvalet for plan og miljø i Fusa i fire år. Torsdag banka ho gjennom sine siste saker.
- Eg vil takka kvar enkelt av de for underfundige refleksjonar, tankar og engasjement. Visst har vi vore usamde, men vi har arbeidd godt i lag, sa Martinsen før ho ønskte planutvalsmedlemene som skal halda fram det politiske arbeidet lukke til vidare.
- De må berre ringja meg, la ho til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fem timar tidlegare. Planutvalsleiaren ønskjer velkomen til det siste møtet i Utval for plan og miljø denne perioden. 22 saker står på sakslista, og utvalet, der meir enn halvparten av medlemene kastar inn handkleet når teppet går ned om få timar, har hatt litt av kvart å førebu seg på.
Det Martinsen er mest tilfreds med å ha fått til dei fire siste åra, er den nye arealplanen til Fusa kommune.
- Fusa treng ein ny arealplan. Det gjeld både folk flest og administrasjonen, sa Martinsen, før ho gav ordet til dei andre utvalsmedlemene.
Utsette akvakulturdelen
Etter eit dialogmøte mellom Fusa kommune og Fylkesmannen i Hordaland, har Fylkesmannen trekt motsegnene sine mot planen. I møtet vart det mellom anna semje om at områda som gjeld akvakultur bør takast ut av planen og arbeidast meir med.
- Årsaka er kvaliteten på arbeidet. Vi har brukt eksterne fagfolk som ikkje har hatt så god kjennskap til Fusa som ønskjeleg, sa Martinsen.
I rådmannen sitt framlegg til vedtak heiter det at "akvakultur som tema skal rullerast som eigen delplan eller i interkommunalt samarbeid, med oppstart innan utgangen av 2016".
- Næringa ventar. Eg føreslår at vi endrar utgangen av 2016, til våren 2016. Det burde gjerne stått snarast også, men eg føreslår våren 2016, sa Hans Ekeberg (Ap).
Roger Hoel (Frp) synest det er leit at akvakulturdelen vert utsett.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det framstår litt repektløst overfor næringa å utsetja dette endå meir, sa Hoel.
Roald Samnøy (KrF), som stilte som vararepresentant for Gustav Folkestad (V), påpeika at ifølgje Folkestad så kan næringa leva godt med ei slik løysing.
- Om vi framskundar arbeidet til våren 2016, kan næringa leva endå betre med avgjerda, sa Samnøy.
Hytter her eller der?
Eit anna område som vart endra i samråd med Fylkesmannen, var hyttefelta på Baldersheim og Sævild.
- Fylkesmannen rådde oss til å utvikla hytteområda i Hålandsdalen i staden. Vi kan heller sjå på kva det kan vera interessant å gå vidare med i neste omgang, sa Martinsen og la til:
- Dei to hyttefelta er ikkje så viktige i denne fasen av planarbeidet at vi ikkje kan ta dei ut og gå vidare med planen.
- Eg forstår ikkje kvifor vi la inn eit så stort område på Baldersheim i utgangspunktet. Det er nesten som å be om bråk, sa Aud-May Boge (H).
- Kommunen har interesse av at det vert litt aktivitet i området. Er det mogleg å ta inn eit meir fornuftig areal, til dømes 30 mål? undra ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi treng ikkje prøva ein gong. Sponheim var knallhard på at det området bør vi gløyma i denne omgang, sa Martinsen og viste til at hyttefeltet ikkje er konsekvensutgreidd.
- Det går sjølvsagt an å gjera noko, men då spelar vi rulett med eigengodkjenninga, sa einingsleiar for samfunnsutvikling, økonomi og service, Terje Raunsgard.
- Eg vil innstendig be dykk om å ikkje gamla med dette. Årsaka til at hytteområda er tekne ut i framlegget til vedtak, er dei tydelege signala vi fekk frå Fylkesmannen i møtet, sa Martinsen.
Boge meinte likevel det var naturleg å ta opp diskusjonen.
- Hytteområda har vore del av arealplanen til dags dato. Det er ikkje uhøyrt av meg å ta det opp. Den politiske fridomen må vi ha, understreka Høgre-politikaren.
- Definitivt. Men så forklarar eg kvifor eg er i mot det, var svaret frå Martinsen.
Planutvalsleiaren fekk støtte frå Samnøy, som meinte det ville vera uklokt å ta inn meir i planen no.
- Det viktigaste er eigengodkjenninga, så får vi heller ta inn fleire område når planen vert rullert, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marianne Borge (Sp) meinte òg det var viktig å få på plass ein ny plan.
- Det er heilt sikkert område vi kunne ha gjort meir eller mindre med, men kommunen er tent med å ha ein plan. Det er mykje som står på vent i påvente av den nye planen, sa Borge og la til:
- Det er viktig at planen vert rullert. Vi kan ikkje venta vinter og vår dersom det er noko vi ønskjer å endra.
- Ja, det kan ikkje gå tolv nye år. Arbeidet med rulleringa må starta med det same, stemte Martinsen i.
Litt streng
I tillegg til arealplanen, handsama planutvalet mellom anna den nye trafikksikringsplanen. Planen fekk ikkje særleg gode skussmål, og det vart til slutt semje om å senda planen attende til administrasjonen.
- Er planane for ambisiøse? Det er veldig lite av det som stod i den førre planen som er utført, påpeika Ekeberg.
Planutvalsmedlemene reagerte òg på at fleire av tiltaka som var del av den førre planen, ikkje var med i den nye. Dei kunne heller ikkje finna noko grunngjeving for at tiltaka var tekne bort.
- Kvifor er ikkje tiltaka som ikkje er realiserte vidareførte? Eg har ei kjensle av at det burde vore gjort litt meir med planen, sa Martinsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Planutvalsleiaren peika òg på at språket burde korrigerast fleire stader. Det same gjaldt fleire av dei andre sakene på sakskartet torsdag.
- De må vera konsekvente når det gjeld kva de kallar ting, sa ho og viste til sakspapira i de ulike sakene.
- Ja, eg er litt streng, men det er siste moglegheita eg har til å vera det, sa Martinsen, som meiner Fusa kommune har ein jobb å gjera når det gjeld plansaker.
- Folk kan like det eller ikkje like det, men det skal vera rettvist og ryddig.