Markerte sitt standpunkt
Alle opposisjonspartia var tilstades på Lyngheim søndag for å markera at dei er mot søndagsopne butikkar.
Tone Hepsøe frå Os Arbeiderparti er initiativtakar til markeringa.
- Me ønskjer å visa at me står samla mot søndagsopne butikkar, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigentleg skulle partia samlast sist søndag, men dei valte å utsetja markeringa grunna dårleg vêr. Det var ikkje akkurat strålande solskin då Os og Fusaposten stakk innom i dag.
- De skulle hatt markeringa i går. Då var det fint vêr!
- Det var det, men det var ikkje søndag i går, smiler Jon Sivert Rykkel.
Sjølv om vêret ikkje var heilt på topp, var det ein del turgåarar som stoppa opp for å snakka om søndagsopne butikkar.
- Det er her, i naturen, at folk skal nytta søndagane, seier Nils-Anders Nøttseter.
I formannskapet stemde fleirtallet mot endringar i lovverket som inneber søndagsopne butikkar. Saka skal handsamast i kommunestyret 16. juni.
- Me vil oppmoda dei frå Høgre og Framstegspartiet til å stemma med oss, seier Hepsøe.