Senterpartiet vil kjempa for å behalda Os lensmannskontor, og er imot den nye politireforma. Konstituert lensmann, Audun Hadler-Olsen fekk blomar av Sp-politikar Harald Lekven for innsattsen dei gjer for innbyggjarane i Os.
Senterpartiet vil kjempa for å behalda Os lensmannskontor, og er imot den nye politireforma. Konstituert lensmann, Audun Hadler-Olsen fekk blomar av Sp-politikar Harald Lekven for innsattsen dei gjer for innbyggjarane i Os.

Markerte motstand mot politireforma

Sp er mot politireforma. Harald Lekven var i dag innom med blomar på Os lennsmannskontor for å visa støtte.

- Os Senterparti ønskjer å visa at me set stor pris på arbeidet Os lensmannskontor gjer for lokalsamfunnet, seier Lekven.

Lensmannskontor over heile landet står i fare for å bli lagt ned i samband med regjeringa si politireform.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Reforma legg opp til ei sentralisering av norsk politi, og ei massiv nedlegging av lensmannskontor i heile landet. Reforma vart vedteke med støtte frå Ap, H, Frp, Krf og Venstre, seier han.

Partia meiner det i dag er for mange lensmannskontor, men har ikkje sagt kva for kontor dei ønskjer å leggja ned.

- I politianalysar vart det foreslått å redusera talet frå 354 til 210. Partia er einige i at det er for lite, men tyder det at 211 er nok? seier Lekven.

Kva med dei siste ti prosenta?

Konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen tok i mot blomane frå Lekven, og kom samstundes med sitt synspunkt i saka.

- Det er spanande tider for politidistrikt Vest. Me får ny politimeister, og kva tenkjer han eller ho om politireforma? Me er ei stor bygd i vekst, og mi subjektive meining er at det heilt klart bør vera eit lensmannskontor i Os. Eg kan ikkje sjå for meg noko anna, seier Hadler-Olsen.

Lekven skryter av kor proaktive lensmannskontoret er. Politikaren og Hadler-Olsen ser fleire problem med å leggja ned Os lensmannskontor.

- Det vert store distansar å dekkja for politiet. Det einaste kritieriet for struktur for lensmannskontor er at 90 prosent av innbyggjarane skal ha maksimalt 45 minutt køyretid til næraste tenestestad. Me tenkjer på dei siste ti prosenta, som kan venta seg svært lang veg til lensmannen, seier Lekven.

Hadler-Olsen legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei meiner det vil vera konstnadsbesparande å leggja ned lensmannskontor. Me er lokalkjente, og veit kva som er viktig og ikkje viktig. Ein kan fort risikera at det vert full utrykning med helikopter og bilar på noko som me kanskje kunne ordna på telefon, då me kjenner den eller dei som er involverte, seier Hadler-Olsen.

Lovar å stå på for Os lensmannskontor

Kommunane vil i framtida berre kunna klaga på vedtak om plassering av lensmannskontor, ikkje stoppa nedlegging, slik dei kan i dag.

- Dette gjer at utviklinga av politiet i framtida vert overlete til eit byråkrati og soleis ikkje lenger folkevalt styring, seier Lekven, som lovar at Sp skal gjera det dei kan for å behandla Os lensmannskontor.

- Sjølv om regjeringa og dei partia som var med på å vedta politireforma ikkje syntest det var så viktig kva me meiner, vil me likevel vera tydelege på at me ønskjer å behalda Os lensmannskontor, som forøvrig gjer ein fantastisk jobb.