Har meld seg: Ein mann har meld seg etter at ein bil køyrde gjennom bommen ved Liafjellstunnelen natt til onsdag.

Mann som køyrde gjennom bommen har meld seg

Det opplyser politiet torsdag morgon.

Natt til onsdag i 04.30-tida, var det ein bil som køyrde gjennom bommen ved Liafjellstunnelen, som var stengd grunna vasking.

Det lukkast ikkje meldar å ta registreringsnummeret på bilen som køyrde vidare i retning Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre timar etter hendinga, i 11-tida, tok ein førar kontakt med politiet. Han skal også ha køyrd gjennom bommen, men er ifølgje ein tipsar ikkje identisk med han som køyrde vidare mot Bergen.

— Det var ein mann i 20-åra. Det er oppretta sak på forholdet, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand, i ein e-post.

Vidare skriv Lyssand at det vil bli sett på tryggleiken kring varsling når bom er nede og det vert utført arbeid i tunnelen.

Båtstans ved Raudholmane

Onsdag ettermiddag rett før klokka halv tre, fekk politiet melding om båtstans ved Raudholmane.

— Brannvesenet rykte ut og hjelpte båtførar, ei kvinne i 20-åra, skriv Lyssand.