“Mann vifta med pilstolliknande gjenstand mot fleire gjester”
Politiet rykte ut til ein privat fest laurdag kveld.
På X, tidlegare Twitter, opplyser Vest politidistrikt at det klokka 23.18 kom ei melding frå nokon på ein privat fest om at ein mann skal ha vifta med ein pistolliknande gjenstand mot fleire gjester.
Dei fleste av dei under 18 år, skriv politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi fekk kontroll på mistenkte (gut 16 år). Våpenet viste seg å vera ein softgun, skriv politiet.
Fleire foreldre/føresette blei varsla då fleire på festen skal ha vore svært rusa.