Mann klatra på terrassar og banka på vindauge
Fleire blei skremde og tok kontakt med politiet då ein mann i 20-åra gjekk kring husa deira og banka på.
Mannen, som var rusa, er meldt for ordensforstyrring. Han skal ha gått rundt på hus i Byvegen og banka på vindauge, og klatra opp på terrassar.
– Politiet rykte ut og fann mannen. Han måtte i drukkenskapsarresten, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Natt til torsdag har det også blitt gjort skadeverk på ein taxi i Os.
– Ei rute er knust på ein taxi. Meldinga kom inn klokka 01.36. Dette skal ha skjedd i retning Halhjem i eit bustadfelt. Politiet har vore på staden og notert personalia, og vi kjem til å undersøka saka vidare, seier Samsonsen.