Bråk: Det er meld om bråk og slagsmål i Os sentrum i helga.

Mann i 30-åra meld etter slagsmål

Fekk melding om bråk på ei adresse i Os sentrum.

Kring klokka 02.30 natt til laurdag fekk politiet melding om bråk på ei adresse i Os sentrum.

— Det hadde vore slåstkamp på staden, og den eine parten hadde fått eit kutt i leppa. Begge partar var rusa, og ein mann i 30-åra blir meld for kroppsskade, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag kveld blei det meld om bråk på ei adresse, også dette i Os sentrum. Der skal ein person ha forsøkt å ta seg inn i ei leilegheit mot eigar si vilje.

— Ein mann i 40-åra blei vist bort frå staden, skriv Birkeland.

Sakna båt

Søndag ettermiddag blei det meld om ein sakna båt. Birkeland skriv i ein e-post at båten truleg har slite seg.

— Det skal vera snakk om ein raud Pioner ni fot, utan motor. Ein del fiskeutstyr i båten, skriv Birkeland.

Om nokon kjem over båten, blir dei bedne om å sikra han og ta kontakt med politiet. Båten skal vera sakna frå Gardvika/Eidsvika, ifølgje Birkeland.

Påkøyrd hjort

Det er meld om påkøyrd hjort to stader, på nesten same tid. Først fredag kveld på Nore Neset kring kvart på åtte, så ved Ulven kring klokka 21.