Bergingsbil: Bergingsbil var på staden vel kl 11 og hadde fått den eine bilen på lasteplanet.

Mann fråteken førarkortet etter ulukka på Nore Neset

Det opplyser skadestadsleiaren tysdag føremiddag.

Vel kl 11 tysdag føremiddag dirigerte politiet framleis trafikken etter front mot front ulukka på Skeisflaten på Nore Neset kring kl 9 i dag tidleg.

Bergingsbil var då på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Store materielle skader etter front mot front på Skeisflaten

Skadestadsleiaren opplyser til Os & Fusaposten at det var éin person i kvar bil. Førarane var ei kvinne og ein mann i 20-åra.

Dei er begge sendt til sjekk på legevakta.

Mannen i 20-åra er ifølgje politiet fråteken førarkortet etter hendinga.

Politiet har oppretta sak og det vert gjort vidare undersøkingar.