Mange tek selfie bak rattet
22 prosent av befolkninga i Hordaland har motteke ein selfie som nokon har teke medan dei køyrer bil.
Det viser ei fersk undersøking frå Gjensidige. Undersøkinga viser også at halvparten av dei under 24 år har motteke denne typen selfiar.
- Dette er bekymringsfullt. Ein liten augneblinks mangel på merksemd kan vera nok til at det går galt, seier Arne Voll som er informasjonssjef i Gjensidige.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange liv har gått tapt
Det er dokumentert at mange liv har gått tapt i trafikken på grunn av mobilbruk under bilkøyring. Frå 2005 til 2013 omkom 29 nordmenn i trafikken som følgje av mobilbruk i bil, ifølgje Statens vegvesen.
Selfie bak rattet kjem no i tillegg til mykje annan farleg mobilbruk i bil. Eksempelvis bruker ein av tre under 24 år sosiale medium medan dei køyrer, opplyser Gjensidige i ei pressemelding.
- Alt dette viser ei urovekkande utvikling. Mykje av forklaringa er at vi kontinuerleg bruker mobilen, og dessverre har bilkøyring ikkje blitt ein fristad, seier Arne Voll.