Mange naudtelefonar om eit høgt smell og mykje røyk. Har funne årsaka.
Ingen vart skadde under det «kraftige fyrverkeriet» på Fanafjellet.
Klokka 21.34 melde Vest politidistrikt på Twitter at naudetatane var på veg til Fanafjellet.
Dette etter mange naudmeldingar om eit høgt smell om mykje røyk på toppen av fjellet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit vitne skreiv i Twitter-tråden til politiet, at det kjendest som ein kraftig versjon av 17. mai-kanona dei bruker å fyra av på Fanafjellet.
Politiet og dei andre naudetatane kom til Fanafjellet like før klokka 22.
No litt over kl. 22 har dei lokalisert åstaden for både smell og lys.
Det viser seg at det er sendt opp kraftig fyrverkeri frå ein fest på eit samfunnshus i området.
Ingen personar er skadde i samband med dette.
Politiet undersøkjer vidare.
Klokka 22 melder politiet at fleire patruljer var i området, men at dei ikkje hadde funne noko som brenn, nokon som var skadde eller på andre måtar kunne knytast til ein eksplosjon eller liknande.
Ein av hypotesane dei arbeidde etter var nettopp at det kunne vera snakk om fyrverkeri.
Artikkelen held fram under annonsen.