Måndagar på holmen
Anna kvar måndag inviterer Vinnesholmen Kystlag til faste "klubbkveldar" på holmen.
Det vart kystlaget samd om på årsmøtet sundag. Møtekveldane finn stad i partalsveker. Det betyr at det første arrangementet går av stabelen førstkomande måndag, 22. februar.
- Målet med kveldane er først og fremst å treffast og ha det litt sosialt i lag, seier formann i Vinnesholmen Kystlag, Roger Hoel.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg er det ein del vedlikehaldsarbeid som må gjerast, både på bygningane og på uteområdet.
- Vi kjem til å laga ei arbeidsliste og så kan folk ta tak i det arbeidet dei kjenner seg kompetente til å gjera. Det kan vera alt frå snikring av stativ til havkajakkar til måling, seier Hoel.
Kystlaget kjem også til å arrangera ein del aktivitetar og kurs. Dei to første kveldane vert det kurs i tauverksarbeid. Då skal dei frammøtte ha fokus på knopar og stikk og å sy taklingar.
- Kveldane kjem til å dreia seg om kystkultur, og om å ta vare på staden, seier Hoel, som har ansvaret for matrosopplæringa i sjøforsvaret og veit eitt og hitt om korleis ein knute skal sjå ut.
I tillegg til dei faste møtekveldane, inviterer kystlaget til opplæring i korleis ein skal te seg dersom ein hamnar i ein naudsituasjon til sjøs. Opplæringa finn stad tysdag om to veker.
- Eg kjenner ein kar frå Valdres som skal segla til Istanbul. Han skal bruka to år på turen, og i samband med avreise skal Vinnesholmen Kystlag gjera sitt til at han får ein trygg reise. Vi kjem mellom anna til å blåsa opp ein redningsflåte og til å øva litt med naudpyrotekniske hjelpemiddel. Alle som er interesserte kan vera med, fortel Hoel.
På styremøtet sundag vart han attvald som formann i Vinnesholmen Kystlag. I tillegg til Hoel består styret av Nina Merete Dalland (sekretær), Vidar Øvredal (utleige), Grete Fagertveit og Morten Stigen. Sistnemnte tek over etter Roald Samnøy.