Måndag: Frå måndag av vert det betening i desse to lukene i Holtbrekka.

Måndag opnar desse lukene i Holtbrekka

— Formelt er me i gang måndag, men den offisielle opninga vert på seinsommaren, fortel Line Naterstad Solheim.

Leiaren i Bjørnafjorden NAV er klar på at staben på kring 50 tilsette får fantastiske nye arbeidslokale i Os Næringspark.

— Totalt er dei nye lokala på kring 1.000 kvm. Dei er innreidde med ei såkalla ABV-løysing (aktivisertbasert arbeidsplass). Det vil seia at me vert meir tilgjengelege for brukarane og at me får ei rekkje spesielt tilpassa rom som kvar enkelt tilsett har tilgang til, forklarer Solheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inngang: Nye NAV får inngang midt på baksida av Os Næringspark.

Må vera tilgjengeleg

I desse dagar er ho på ferie, men før ho «logga litt av», var ho med på mykje av flyttinga som no snart er unnagjort.

— Me overtok lokala formelt 19. juni. Sidan har me vore i rådhuset samstundes som me har flytta litt etter litt. Den siste tida har mange av våre tilsette vore på plass i Holtbrekka, men det er altså først måndag me opnar for publikum, fortel Solheim.

Opningstida for publikum blir som tidlegare - tre gonger i veka.

— Mykje kan gjerast digitalt, men ikkje alle er like komfortable med det. Difor vil me ha ope i kundemottaket måndagar, onsdagar og fredagar, slik me hadde i Brugata, seier Solheim.

Ho er klar på at dei skal vera meir tilgjengelege i tida framover.

— Dei nye lokala er meir tilrettelagde for møte, kurs og individuell oppfølging. Me er veldig opptekne av at brukarane våre skal merka dette når me no opnar opp i flett nye lokale, slår Solheim fast.

Sjølv om lokala blir opna for publikum måndag, blir det ikkje offisiell opning før fredag 18. august.

— Då vert det snorklipping med inviterte gjester, fortel Solheim.