Målarisk vintermorgon
Det var reine idyllen i Os Hamn tysdag morgon.
Frostrøyken dansa framfor Folgefonna der ute i horisonten. Måkene leika seg på lufstraumane, sola rann diger og oransje ned i det tynne islaget som låg her og der. Og midt i herlegheita kom ein robåt flytande i jamn takt. Då er det ikkje så verst å få vera ute, fem minus til tross.
Det er berre å koma seg ut og nyta finveret mens vi har det, for om yr melder rett vil det snu frå fredag av. Onsdag og tordag blir det framleis sol og kuldegrader, men frå fredag av melder dei mildver, regn og ein del vind.