Må ut med tusenvis etter mobilbruk bak rattet
To bilførarar fekk kvar sitt forenkla førelegg under politiets atferdskontroll i Mobergsbakken måndag kveld.
Politiet tok oppstilling ved foten av Mobergsbakken, ved innkøyringa til Oseana, då dei måndag kveld kontrollerte bruk av bilbelte og mobil hos forbipasserande bilar.
To bilistar fekk skrive ut forenkla forelegg på 5.500 kroner kvar for mobilbruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er dyre samtaler?
— Ja, og etter nyttår har regjeringa føreslått å auka summen til 7.500 kroner, seier politioverbetjent Anne Lyssand.