Må til Samnanger for å få sjukeheimsplass
I påvente av større kapasitet på nye Lurane seinhaustes 2017, må kommunen kjøpa plassar i nabokommunen.
Noko tid gjekk tapt påfunn av arkelogiske gjenstandar på tomta der utvidinga av sjukeheimen finn stad. Det er dermed framleis over eitt år igjen til den nye sjukeheimen med tropisk hage kan stå klart.
Får ikkje ha venteliste
Som ei påminning på kor sårt tiltrengt utvidinga av sjukeheimen er, orienterer kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, om at kommunen no ser seg nøydd til å kjøpa nokre plassar av nabokommunen Samnanger.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Fram til opning av nye Lurane vil me ha manko på plassar i periodar. For å bøta på dette har me inngått avtale med Samnanger kommune om kjøp av plassar i påvente av at kapasiteten vår skal betra seg, heiter det i saksopplysningane til tenesteutvalet.
Noko av forklaringa ligg også i den nye prøveordninga kommunen er med i, der ein har statleg finansiering av omsorgstenestene (SIO-prosjektet). Det er nemleg ein føresetnad i denne ordninga at det ikkje skal vera ventelister på fast langtidsplass.
Ingen prisforskjell
Til lokalavisa seier kommunalsjefen at det i første omgang dreier seg om to plassar som vil bli kjøpt i Samnanger, med høve for to til.
- Kva kostar det kommunen?
- Ein sjukeheimsplass kostar mellom 900.000 og 1 mill. kroner årleg. Det kostar kva det kostar - men i forhold til å drifta desse plassane sjølv, er det ingen skilnad, seier Borge.
Han legg til at Samnanger har ekstra kapasitet i nybygde Samnangerheimen, og at denne er i rimeleg avstand til Os.
- Dei som får tilbod om plass i Samnanger, vil sjølvsagt få flytta heim att til Os så snart nye Lurane står ferdig til neste år, seier Borge.