Akvakulturplanen må ta høgde for oppdrettsnæringa sine framtidige behov. - Når planen er vedteken, er han bindande fram til 2027, påpeikar dagleg leiar i AS Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, i verksemda sin uttale til planprogrammet til planen. (Arkivfoto)
Akvakulturplanen må ta høgde for oppdrettsnæringa sine framtidige behov. - Når planen er vedteken, er han bindande fram til 2027, påpeikar dagleg leiar i AS Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, i verksemda sin uttale til planprogrammet til planen. (Arkivfoto)

- Må ta høgde for framtidige behov

- Utviklinga i oppdrettsnæringa går langt fortare enn endringane i kommunale planar. Det er difor viktig at areala som vert lagt ut til akvakulturføremål er store, og gode nok, til å kunne dekkja framtidige behov.

Det skriv AS Bolaks i uttalen sin til planprogrammet til kommunedelplan, akvakultur.

Bolaks viser til at havbruksnæringa er eit satsingsområde for Fusa kommune, og at ein i samfunnsdelen av kommuneplanen skriv at ein ønskjer å styrkja eksisterande arbeidsplassar, og utvikla nye næringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette samsvarer godt med havbruksverksemdene sitt mål, påpeikar dagleg leiar i Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, i uttalen.

Tilpassing til ny teknologi og nye driftsformer vil vera avgjerande for verksemdene i framtida. Då er det viktig at næringa får tildelt "nok eigna areal".

- For å unngå søknader om dispensasjon frå gjeldande plan må akvakulturplanen ta omsyn til framtidig utvikling, understrekar Antonsen.

Ho bed òg om at område som ikkje lenger er eigna til lakseoppdrett, ikkje vert "nedlagte".

- Områda kan nyttast til andre akvakulturføremål, skriv Antonsen.

- Store ringverknader

I midten av oktober la Fusa kommune planprogrammet til den komande akvakulturplanen ut på høyring. Høyringsfristen vart sett til 9. desember, og ifølgje nettsidene til kommunen er det komne ti innspel, av desse eitt frå næringa.

Antonsen peikar på at oppdrettsnæringa er blant hovudnæringane i Fusa, og at næringa ikkje berre bidreg til å sysselsetja folk direkte, men også gjennom leveransar av varer og tenester i andre næringar.

- Tidlegare analysar har vist at for kvar direkte arbeidsplass i havbruksnæringa, oppstår det i snitt éin arbeidsplass i andre næringar som følgje av ringverknader, skriv Antonsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare går det fram av uttalen at verksemda har forventningar om at det også i framtida vert lagt til rette for at havbruksnæringa skal ha levedyktige vilkår og utviklingsmoglegheiter i Fusa.

- Gjennom Havbruksfondet er det lagt til rette for at staten i framtida vil overføra 80 prosent av inntektene frå sal av nye oppdrettsløyve til kommunane. Dette vil kunna utgjera store summar for kommunar som tilrettelegg for utvikling av havbruksnæring i sine område, skriv Antonsen.

Fylkesmannen i Hordaland er positiv til at Fusa kommune går i gang med "det viktige arbeidet det er å få på plass ein kommunedelplan for akvakultur". I uttalen sin peikar fylkesmannen på at nasjonale forventningar tilseier at kommunane skal sikra tilstrekkeleg areal til næringa, samstundes som ein veg dette mot miljøomsyn og andre samfunnsinteresser.

- Miljømessig berekraft vil vera den viktigaste føresetnaden for regulering av næringa, skriv fylkesmannen.

- Områda må utgreiiast

Vidare vert det peika på at planprogrammet gjev lite informasjon om kva trong kommunen meiner det er for utgreiingar i planprosessen. Fylkesmannen viser til uttaler han kom med i samband med arbeidet med den nye arealplanen:

- I kommuneplanen føreslår kommunen tre nye område for akvakultur, ved utviding og stadfesting av dagens arealbruk. Fleire av desse har blitt opna for gjennom dispensasjonar, og har ikkje blitt tilstrekkeleg utgreidd.

I 2015 viste Fylkesmannen òg til at konsekvensutgreiingar som skal leggjast til grunn for kommuneplanar i fjordsystemet Bjørnefjorden - Fusafjorden, må omfatta heile fjordsystemet, og at ein per dags dato ikkje kjenner status for bestanden til vill anadrom fisk i Fusa.

- Fylkesmannen legg til grunn at dagens akvakulturanlegg påverkar bestandar av vill laksefisk i fjordsystemet negativt. Fylkesmannen er på denne bakgrunn kritisk til å fastsette nye areal for oppdrettsområde i sjøen i kommuneplanen, skreiv han for vel eitt år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kritisk til kystsoneplan

Til liks med Bolaks, meiner Hordaland Fylkeskommune at planen bør tilpassast akvakulturnæringa sine noverande og framtidige behov.

- Det er viktig at kommunen planlegg områda for akvakultur store nok, slik at ein tek høgde for næringsutvikling både med omsyn til omstrukturering av lokalitetar, og moglegheit for ny teknologi og nye artar, skriv konstituert plansjef Eva Katrine R. Taule i uttalen, og oppmodar samstundes kommunen om å kontakta akvakulturnæringa for innspel om næringa si trong for sjøareal i framtida.

- Hordaland Fylkeskommune meiner det er positivt at kommunen tek høgde for nye område og nye artar. Taredyrking kan vera eit godt døme på det, heiter det.

Vidare meiner fylkeskommunen at eit godt kunnskapsgrunnlag om økosystema i Bjørnefjorden bør framskaffast, og at ein bør ta med i vurderinga korleis ulike interesseområde, som til dømes sjøtransport og rekreasjon, påverkar kvarandre.

Men kanskje viktigast av alt, ifølgje fylkeskommunen, er å utnytta det kunnskapsgrunnlaget som er etablert i arbeidet med regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

Bolaks på sin side peikar på at kystsoneplanen framleis ikkje er vedteken, og at havbruksaktørar, og fleire av kommunane i planområdet, er sterkt kritiske til delar av innhaldet i planen.

- Etter vår oppfatning er det ubalanse mellom verneperspektivet og næringsperspektivet i planen. Planen samsvarer heller ikkje med ordlyden og intensjonane i samfunnsdelen i kommuneplanen til Fusa kommune, skriv Antonsen.

Bolaks-leiaren viser til at fylkeskommune, i samarbeid med næringa og lokale politiske styresmakter, held på med eit revidert planforslag, og at konklusjonane i utkastet til regional kystsoneplan difor ikkje kan leggjast til grunn for arbeidet med akvakulturplanen i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når akvakulturplanen er vedteken vil han vera bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak, heilt fram til 2027. Det er difor viktig å ha eit framtidsretta perspektiv, mogelegheiter for fleksibilitet, samt formuleringar i planføresegnene som gjev rom for tilpassing til nye driftsformer og -forhold, påpeikar Antonsen.