Må redusera tilbodet - denne heimehjelpa vert avvikla
Helsepersonell må brukast til andre og meir presserande pleieoppgåver i kjølvatnet av koronautbrotet.
Difor må dei heimebaserte tenestene gjera endringar i tilbodet på begge sider av fjorden.
Heimehjelp som golvvask, støvsuging og anna husarbeid blir i hovudsak avvikla, men kommunen presiserer at det bli teke individuelle omsyn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Heimesjukepleia vil sjølvsagt halda fram å gi naudsynt helsehjelp, men vi ber pårørande om å overta lette omsorgsoppgåver og gi praktisk hjelp når dette er mogleg - til dømes å ta av og på støttestrømper, laga mat og gjera husarbeid, skriv kommunen som òg ber pårørande om å "ha tilsyn" med sine nære, anten på telefon eller ved å stikka innom for å sjå at alt er greitt.
Brukarar og pårørande vil no bli kontakta og kommunen skal inngå individuelle avtalar for kvar enkelt tenestemottakar.
- Vi opplever at dei aller fleste pårørande er fantastisk forståingsfulle i denne situasjonen, og vil hjelpa sine med støttestrømper, tilsyn, mat, husarbeid og liknande, seier fagsjef for pleie og omsorg, Gro Elisabeth Almås.