Må bruka unødige ressursar på båtar som slit seg
Fleire båtar slit seg under sterk vind slik det har vore dei siste dagane. Dette genererer ekstraarbeid for naudetatane.
Når båtar slit seg, må naudetatane setja inn ressursar for å avklara om det har vore personar om bord som kan ha hamna i sjøen.
- På bakgrunn av dette oppfordrar me båteigarar til å sjå til båtane sine oftare, og gjerne ta dei opp på land dersom ein anser sesongen som avslutta. seier politioverbetjent Rune Fimreite.
Artikkelen held fram under annonsen.
Båttjuveri
Fimreite minnar også om at me er på veg inn i ei tid der det erfaringsmessig skjer fleire båttjuveri og tjuveri av båtmotorar. Dette fordi båtar og motorar er mindre i bruk, og det i tillegg begynner å bli mørke kveldar.
Dei fleste båtane er enno ikkje tatt på land, så «tilgjengeligheita» på båtar og motorar er framleis stor, medan oppdagelsesrisikoen ved eventuelle tyveri er liten.
Flaum
Politioverbetjenten opplyser også at dei har fått inn nokre meldingar i løpet av morgontimane onsdag som går på mykje vatn i vegbanen på diverse stader.
- Dette har ikkje ført til uhell, men redusert fart og kø fleire stader.
jostein@osogfusa.no