Terje Søviknes og Lysekloster skule står med armane opne for dei 42 elevane frå nabobygda Nordvik. (Arkivfoto)
Terje Søviknes og Lysekloster skule står med armane opne for dei 42 elevane frå nabobygda Nordvik. (Arkivfoto)

- Lysekloster skule har plass

Ordførar Terje Søviknes er klar for å ta imot dei 42 elevane ved Nordvik skule som i Bergen kommunes budsjett vert føreslått lagt ned.

- Vi har sagt til Bergen kommune at elevane kan overførast til Lysekloster skule så sant vi får utgiftene våre dekka, seier ordførar Terje Søviknes på telefon frå London.

Han fortel at han og administrasjonen i Os alt har vore i dialog med Bergen kommune om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kapasiteten på Lysekloster skule er der. Vi har ein heil etasje ledig, lokkar Søviknes som likevel vil gje bergenspolitikarane tid til å finna ut av dette.

- Det er ein lang prosess. Men sidan det er eit fleirtalsbyråd, kan dei gjera som dei vil, seier han.

Den vesle bygda Nordvik ligg mellom Lysefjorden og Fanafjellet, like over grensa til Bergen kommune. Medan Lysefjorden opplever stor befolkningsvekst, er folketalet synkande i nabobygda. I fylgje Søviknes er det heilt daudt på nybyggingssida og ingen planlagde bustadområde.

- Det er rart, for det er nok av plass der, seier han.

Kommunegrensa

Søviknes har tidlegare føreslått å flytta kommunegrensa, men nettopp Nordvik skule har vore eit argument for Bergen til å seia nei.

- No fell dette argumentet bort. I tillegg er både idrettsaktivitetar, post og butikk nærmare Os enn Bergen. Og sjølvsagt ville det ha vore lettare om heimesjukepleiarane slapp å kryssa Fanafjellet for å yta sine tenester, seier ordføraren som altså held fast på sitt tidlegare utspel.

- Det vil heilt klart vera fornuftig å sjå på grensejustering i same slengen, seier han.