Lys i tunnelen på Samnøy. – Det blir eit skikkeleg bra anlegg
Midt i fellesferien grov dei seg gjennom fjellet. Måndag vart tunnelgjennomslaget på Samnøy markert.
I slutten av mai fyrte ordførar Trine Lindborg av den fyrste salva. Kring to månader seinare vart det, bokstavleg tala, lys i tunnelen inn til industriområdet på Samnøy.
– Det er ei glede å ønskja velkomen til denne store dagen, sa dagleg leiar i Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS), Alf Sognefest, då han saman med ordføraren og fleire andre involverte, markerte sommarens tunnelgjennomslag måndag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marsipankake og konjakk var kjøpt inn. Sistnemnte høyrer nemleg med når gjennomslaget er eit faktum.
– Eg fekk eit veldig tydeleg signal både frå gutane frå Ottar Dvergsdal og frå Helldal AS då eg var her for å skyta den første salva, så konjakken er på plass, sa ordføraren før tømmerstokken som var lagt framføre tunnelopninga, vart løfta bort.
– Eit stort prosjekt for oss
Like før jul vart Helldal AS tildelt oppdraget med å byggja tømmerkaien på Samnøy. I april vann verksemda den offentlege anbodskonkurransen knytt til veg og infrastruktur også.
I januar starta arbeidet på industriområdet. Når året er omme, skal ein vera i mål.
– Vi er i rute på alle vis. Det er denne tunnelen eit tydeleg bevis på. Det er fantastisk å sjå slik framdrift, sa Sognefest før han gav ordet til dagleg leiar i Helldal AS, Jørgen Rydheim.
Rydheim fortalte at verksemda, like før sommaren, inngjekk kontrakt med Bolaks også, om opparbeiding av tomtene deira.
– No har vi veldig mykje jobb her inne. Samnøy er eit stort prosjekt for oss, og vi bruker mange lokale underleverandørar både til prosjektering og utføring, sa Rydheim og la til:
– I sommar kjempa gutane frå Ottar Dvergsdal gjennom fjellet her. Vi har litt jobb igjen før vi kan sleppa folk utan hjelm gjennom tunnelen, men vi er godt i rute når det kjem til framdrift. Det blir eit skikkeleg bra anlegg, slo han fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Utruleg kor fort det har gått
Ordføraren karakteriserte også prosjektet som ei suksesshistorie. Lindborg viste mellom anna til kor løysingsorienterte alle har vore.
– Det er utruleg kor fort det har gått. Vi har fått det til gjennom framsnakk og entusiasme. Det er viktig at vi også framover jobbar i lag, sa ho og understreka kor viktig området er, ikkje berre for Fusa-delen av kommunen, men for Bjørnafjorden og for heile regionen.
– Mange av oss drøymer om ein indre trasé og ei påkopling her. Vi drøymer også om ei godshamn. Men vi får ta éin ting om gangen, la ordføraren til.
Bolaks har vore involvert i industriområdet på Samnøy sidan starten. Før kaka vart spretta, sa konsernleiar Karina Antonsen Hjelle, at ho ser fram til at området står klart.
– Å etablera seg i eit heilt nytt industriområde gjer oss nokre moglegheiter vi ikkje hadde hatt dersom vi hadde etablert oss i eit område med mange andre aktørar frå før. Og så må vi sjå kva synergiar vi kan skapa i fellesskap med dei verksemdene som finst i Holmefjord allereie, sa ho.