Lynet sette nødløysingar på prøve
Straumbrot på Ravneberghaugen, IP-telefon nede hjå legevakten og seks falske alarmar frå Osbadet var blant problema lynstormen over Os førte med seg.
Det er ikkje meldt om brann som følgje av lynnedslag, men det vart likevel litt å henga fingrane i for Os brannvesen i natt og i morgontimane til tysdag.
- Brannalarmen gjekk seks gonger på Osbadet. Dei fem første gongen skrudde han seg av igjen av seg sjølv etter nokre sekund. Den sjette gongen gjekk det 7 minutt før han gjekk i kvile. Då måtte me rykka ut, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det var altså også falsk alarm.
- Me er sårbare
Elles fekk kommunens eigne backupløysingar prøvd seg. Lynet har råka nokre internettsentralar slik at IP-telefonen til legevakten ikkje fungerte.
- Mobilnettet var heldigvis oppe og gjekk, så det fekk ikkje noko praktisk betydning for innringjarar eller legevakten. Men me er sårbare i slike situasjonar, legg Gjøsund til.
- Backupløysingane fungerte altså?
- Ja, i natt gjorde det det. Sambandet på det konvensjonelle nødnettet fungerte og mobilsambandet fungerte, seier Gjøsund.
Dei tilsette gjekk i gang med å retta opp i problema i morgontimane i dag, og no skal alt vera tilbake til normalen.
Dieselaggregaten fungerte
På Ravneberghaugen hadde dei straumbrot i løpet av natta, men nattevakten ordna opp i problema. Dagleg leiar Ranveig Klingsheim opplyser at dei har eit dieselaggregat som skru seg på i slike situasjonar, og det fungerte som det skulle.
- Alt var i orden att då eg kom på jobb i dag tidleg, seier ho.