Lunde skule står for tur

Os kommune lovar at Lunde skule blir det neste store prosjektet, men veit ikkje når det skjer.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, stadfester at kommunen er i ferd med å starte opp eit prosjekt på Lunde skule. Sist veke var det møte mellom prosjektavdelinga i kommunen, arkitekt og skuleleiinga.

- Vi er klar over situasjonen på Lunde skule. Her er utfordringar knytt til standarden på bygningsmassen og elevtalsauke. Difor møttest vi og snakka om kva som skal til for å rehabilitera og byggja ut skulen.

Aust om elvo

Medan det før har vore mykje snakk om ny skule "aust om elvo", så er utbyggingsprosjektet for skule no omdøypt til «sentrumsskuleprosjektet». Her vil kommunen prioritera Lunde skule fyrst av alle.

Det er brei semje om dette i styringsgruppa som har deltaking både frå politikarar og administrasjon, fortel Rye.

Á la Kuventræ?

- De greidde å hiva dykk rundt og byggja ut Kuventræ skule i fjor vår. Kan det gå like raskt for Lunde skule?

- Nei, det er ikkje aktuelt. Vi er i ferd med å etablera prosjektet, men det vert nok ikkje ei endring frå hausten av. Det er uansett eit mål å få til ei betre løysing i løpet av kort tid, svarer ho.

- Men vi lovar å snarleg leggja ein konkret plan for korleis vi skal oppgradera Lunde og deretter må saka handsamast i samband med budsjettet.

Mål med full dekning

- Lunde skule manglar også trådlaust nett. Er dette noko kommunen vil ordna?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Barneskulane i Os har fått trådlaust nett til lærarrom og møterom. Nokre av skulane har fått rimeleg bra dekning av denne utbygginga, men det gjenstår ganske store elevareal på fleire barneskular, seier Rye som vidare peikar på at få barneskular har mange bærbare maskiner.

- Men det er og har vore, eit mål å få full dekning på barneskulane og. Dette krev litt arbeid og investeringar, seier ho.