Helge Steinum (Ap) vert ikkje ny ordførar, men han og Terje Søviknes (Frp), som vert ordførar i fire nye år, lovar å samarbeida til det beste for Os.
Helge Steinum (Ap) vert ikkje ny ordførar, men han og Terje Søviknes (Frp), som vert ordførar i fire nye år, lovar å samarbeida til det beste for Os.

Lovar å jobba saman for osingane

Framstegspartiet gjekk fram, Arbeidarpartiet tilbake. Men Terje Søviknes (Frp) og Helge Steinum (Ap) lovar å samarbeida til beste for osingane.

Det er to trøytte politikarar som møter Os & Fusaposten utanfor kommunestyresalen idet klokka nærmar seg midnatt. Etter at 90 prosent av stemmene i Os er talt opp, har Helge Steinum og Arbeidarpartiet gått eit halvt prosent attende frå sist kommuneval, medan Terje Søviknes og Framstegspartiet kneip om lag tre nye prosent.

- Stemninga er god mellom oss, sjølv om vi har vore i ein del debattar og skrive ein del lesarinnlegg dei siste vekene, seier Steinum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi skal samarbeida dei neste fire åra. Mange saker er avhengige av eit breitt politisk fleirtal og vi har hatt ein god dialog med Arbeidarpartiet så langt. Alle saker står seg best med brei politisk støtte, seier Søviknes.

- Ja, og det skuldar vi osingane som har stemt på oss også, kvitterer Steinum.

Talar vel om kvarandre

- Helge Steinum, kva er det beste ved Terje Søviknes?

- Han er utruleg proff og ein dyktig politikar. Og handlekrafta den har han, svarer Steinum før Søviknes svarer attende.

- Eg har jo ikkje kjent Helge så lenge, men eg synest det har vore fantastisk kjekt å bli kjend med han og fleire andre kandidatar som er nye i denne valkampen. Eg er sikker på at Helge med sin kunnskap vil bety mykje positivt for Os.

- Og kven veit, om fire år er han kanskje toppkandidat igjen. Kva som då skjer, får vi ta når det kjem, ler Søviknes og Steinum ilag.