Lokaliseringsdebatten ikkje daud?
- Det som er viktig for oss i koalisjonen er at det vert éin felles, offentleg skule på fusahalvøya. Fleire lokaliseringar kan vera aktuelle.
Det seier ordførar Atle Kvåle (Ap) om diskusjonen kring kvar elevane på fusahalvøya skal gå på skule.
Då skulestruktursaka vart lagt ut på høyring i juni, var det seks alternativ til framtidig skulestruktur å "velja mellom". Alternativa bygde på alternativa som Agenda Kaupang presenterte i sin rapport i august 2014. I tillegg vart nullalternativet, det vil seia dagens skulestruktur, lagt til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativa var som følgjer: 1. Tre barneskular: Eikelandsosen, Strandvik og Søre Fusa, 2. To barneskular: Eikelandsosen og Søre Fusa, 3. Éin barneskule: Eikelandsosen, 4. Fire barneskular variant A: Eikelandsosen, Fusa, Nore Fusa og Søre Fusa, 5. Fire barneskular variant B: Eikelandsosen, Fusa, Holdhus og Søre Fusa, 6. Seks barneskular (som i dag).
"Campus Fusa"
I rådmannen sitt framlegg til vedtak, som fekk støtte frå fleirtalskoalisjonen (Ap, Frp og KrF) i formannskapsmøtet 25. november, går ho inn for alternativ fire. Det betyr at skulane på Holdhus og i Strandvik vert stengde.
- Årsaka til at Fusa er nemnt som skulestad i alternativ fire, er ei heilskapsvurdering. Det har mellom anna med logistikk og reisemønster å gjera, påpeikar ordføraren og legg til:
- Det same gjeld i forhold til Eikelandsosen kontra Holdhus. Eikelandsosen er eit trafikknutepunkt. I tillegg er vi i ferd med å byggja opp eit såkalla "Campus Fusa" i Eikelandsosen, der elevane har høve til å kombinera skule, idrett og kultur, seier han og viser mellom anna til den påbegynte idrettshallen, krøllgrasbanen og skateparken som ligg "vegg-i-vegg" med skuleområdet.
Trass i at det er fleire ting som talar for at skulane på Fusa og i Eikelandsosen vert prioriterte, seier ikkje ordføraren med hundre prosent sikkerheit at det vert slik.
- På fusahalvøya vil det vera fleire alternativ til lokaliseringar. Det som er viktig for Ap, Frp, KrF og V er at det i framtida vert éin, felles offentleg skule på fusahalvøya, påpeikar Kvåle.
Investerer i skulebygg
I økonomiplanen til fleirtalspartia er det lagt inn pengar til å investera i nye skulebygg i Fusa. Ap, Frp, KrF og V har rett nok endra teksten frå rådmannen sitt budsjettnotat frå investeringar knytt til barneskulen i Eikelandsosen, til investeringar knytt til grunnskulen i Fusa.
- Vi ønskjer å satsa på nye, offentlege fellesskular i Fusa. Då er vi nøydd til å gjera bygningsmessige forbetringar også, seier Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
I laurdagsavisa uttalte FAU-leiar ved Strandvik oppvekstsenter, Tone Andreassen Vik, at ein ny, felles skule på fusahalvøya er ein utopi. Vik meiner at kommunen umogleg kan ha råd til å investera i tre nye skular på kort tid (Fusa ungdomsskule, Eikelandsosen skule og ein ny skule på fusahalvøya).
- Eg har ikkje trong for å imøtegå påstanden frå Vik. Koalisjonspartia arbeider for å få etablert ein ny, felles skule på fusahalvøya. Det ligg i innstillinga vår til budsjettmøtet i morgon, seier ordføraren.
- Ingenting er bestemt enno
Solveig Dale Midtun er rektor på Fusa oppvekstsenter. På spørsmål om korleis skulen forheld seg til eventuelt å måtta ta i mot 50 nye elevar frå hausten av, svarar ho slik:
- Ingenting er bestemt enno. Men dersom Strandvik oppvekstsenter vert vedteken nedlagt, så ønskjer vi alle elevane velkomne til Fusa. Vi har rom for alle, seier ho og legg til:
- Dersom det vert aktuelt å flytta elevane frå Strandvik til Fusa, må vi handtera situasjonen på ein god og profesjonell måte både for tilsette og elevar.