Pensjonert lege Nic. Lunde fortalde om kor vondt det kan vera med lange helsekøar ved alvorleg sjukdom.
Pensjonert lege Nic. Lunde fortalde om kor vondt det kan vera med lange helsekøar ved alvorleg sjukdom.

Lokal lege takka Høie personleg

Den pensjonerte Os-legen Nic Lunde fortalde ministeren om den gongen han oppdaga kreft hjå ein pasient, men vart avvist av Haukeland. Han takka Høie for å ha fått bukt med problemet.

Det var då helse- og omsorgsministeren opna for spørsmål i Os eldresenter i kveld at Nic Lunde fortalde om den gongen han vart møtt med ei kald skulder på Haukeland sjukehus.

- Det var få ting som kunne gjera meg så frustrert som når eg fann kreft hjå ein pasient, og ikkje fekk plass for vedkomande på sjukehus innan rimeleg tid. Ein gong hadde eg fått hjelp frå ein privat klinikk til å stilla kreft-diagnosen. Det var i tarmane. Men veit du kva eg fekk til svar? "Du må venta deg lang ventetid når du ikkje har brukt oss til å påvisa det", fortale den pensjonerte legen. Han takka hjarteleg helseministeren får å ha fått ned ventelistene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Regjeringa og du spesielt har gjort ein kjempeinnsats for å få fortgang i kreftbehandlinga, sa Lunde. I føredraget sitt fortalde ministeren kva dei hadde gjort for å få bukt med lange ventelister, inkludert kreftutredning.

- Før sommaren 2015 klarte me å få ventetida ned på det nivået som var før den raudgrøne regjeringa tok over. Ved utgangen av 2015 er det 35.000 færre pasientar som ventar på behandling, sa ministeren.

Han forklarte at noko av årsaka til at dei hadde fått til dette var høgare bevillingar, men også nye måtar å arbeida på. Innan kreftomsorga særleg er det innført noko som vert kalla pakkeforløpet der pasientane får eit ferdigsydd opplegg rett etter at diagnosen blir stilt.

Helseministeren snakka om korleis regjeringa bur seg på ei framtid med vesentleg fleire eldre.
Helseministeren snakka om korleis regjeringa bur seg på ei framtid med vesentleg fleire eldre.
Fersk leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, og leiar i Os Unge Høgre, Henrik Vågen, var imponerte over statsrådens djupe innsikt.
Fersk leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, og leiar i Os Unge Høgre, Henrik Vågen, var imponerte over statsrådens djupe innsikt.
Publikum var opplagt og stilte mange spørsmål til ministeren.
Publikum var opplagt og stilte mange spørsmål til ministeren.
Marie Bruarøy overleverte ein miniatyrmodell av Oselvaren, og ministeren kunne avsløra at han hadde ein oselvar i full storleik heime!
Marie Bruarøy overleverte ein miniatyrmodell av Oselvaren, og ministeren kunne avsløra at han hadde ein oselvar i full storleik heime!

Sprøyterom og screening

Frå leiar i Os Unge Høgre, Henrik Vågen, fekk ministeren spørsmål om sprøyterom i Bergen. Særleg lurte han på om det skulle vera fritt fram der inne, eller om det skulle vera helsepersonell til stades.

-Det er ei eiga lov som regulerer dette. Så om Bergen kommune søkjer om dette, er det helsedirektoratet som skal avgjera ut frå lova. Men sjølve poenget med slike rom er å ha personale til stades for å kunna gripa inn dersom det er fare for overdose, svara Høie.

Fersk leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, spurde om screening av ulike typar kreft.

- Har du tankar om det er fornuftig å innføra allmen screening av prostatata-kreft og å setja ned aldersgrensa for mammografi-screening (i dag ved fylte 50 år)?

- Det finst ikkje faglege råd som tilseier å setja ned aldersgrensa for mammografi-screening. Og heller ikkje når det gjeld prostata. Dersom ein skal innføra noko slikt, må ein vera sikker på at ein får ein samla sett positiv helsegevinst. Men innan til dømes prostata-screening er det stor fare for at ein får såkalla "falske positive". Ein kan få påvist forhøya PSA utan å ha prostata-kreft. Då er det fare for at ein set igang tiltak som vil gje vesentleg redusert livskvalitet når det eigentleg ikkje var behov, svara Høie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ueinige om aktiv dødshjelp

Rolf Tveit tok opp tematikken kring aktiv dødshjelp.

- Me eig jo vår eigen kropp sjølve. Og eg meiner at det bør innførast aktiv dødshjelp, slik at ein kan få ein verdig avslutning på livet før ein hamnar i eit smertehelvete, sa Tveit.

- Der er eg veldig ueinig. Skal det innførast, må det vera under ein annan helseminister enn eg. Men eg forstår at diskusjonen går - her er jo ikkje ein gong regjeringspartia einige seg i mellom, begynte Høie.

- For ein tilhengar av Høgre framstår det nærliggjande å ta utgangspunkt i individets rett til eige liv og sjølvråderett. Og ein ser at land som Sveit og Nederland har innført aktiv dødshjelp. Så kvifor er eg motstandar? Ei årsak er at det ikkje berre er enkeltindividet dette gjeld, men også den personen som i så fall må utføra handlinga, sa Høie.

Han viste også til erfaringar frå land i Europa der dette er innført, som ikkje kan karakteriserast som ei positiv utvikling.

- Det ein såg i land som Nederland og Sveits var at til å begynna med var dette ganske snevert - dei tilfella der aktiv dødshjelp vart utført kunne kanskje forsvarast i dei spesielle sakene. Men så tok grensene stadig til å bli utvida, og omfanget vart stadig større. Til dømes kunne unge personar med dårleg psykisk helse få tilbod om aktiv dødshjelp. I dag er det rundt 2.000 personar årleg som får det. På eit tidspunkt vil innføring av ein slik praksis påverka vår kollektive oppfatning av kva som er eit verdig liv. Mange vil måtta spørja seg; "er ikkje mitt liv verdig?", dersom det vert vanleg med aktiv dødshjelp i gitte situasjonar. For meg er hovudutfordringa at me ikkje har godt nok tilbod til døande og folk med store smerter enno, sa Høie.

- Tenk på pårørande til demente

I løpet av føredraget snakka Høie ein del om demente. At stadig fleire får dette midt i livet, ikkje seint i alderdommen. Og om kor viktig det er at dei som får denne lidinga får god nok kunnskap om sjukdommen.

Tidl. kommunestyremedlem for Høgre (og mor til vara-ordføraren) Laila Bruarøy meinte at ein også burde tenkja på dei pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein bør få eit betre opplegg for avlasting for dei som må vera pårørande 24 timar i døgnet til dei som har denne sjukdommen, sa Bruarøy.

- Ja, det å ha eit godt dagtilbod er viktig ikkje berre for dei som har sjukdommen, men også for dei pårørande. Då kan ein oppleva ting kvar for seg i løpet av dagen, og ha noko å dela med kvarandre etterpå, svara Høie.

Keisarsnitt og skulderoperasjon

Varaordførar Marie Bruarøy spurde om fødetilbodet ved Haukeland sjukehus. Ho hadde merkt seg at det kunne vera stor skilnad på kor lang tid på overtid mor skal vera før fødsel vert sett i gang.

- Ved eitt høve eg høyrde om vart det venta til det var 12 dagar på overtid. Og då var barnet vakse seg så stort at det enda med haste-keisarsnitt. Bør det innførast ein nasjonal standard for kva tid fødsel skal setjast i gang?

- Haukeland har skilt seg ut fordi dei har brukt ein annan modell for utrekning av termin enn resten av sjukehusa. Så vidt eg veit er dei no pålagde å bruka same utrekningsmetoden. Eg meiner at den variasjonen me ser på behandling ved sjukehusa er så stor at eg kallar det systemsvikt. Difor har me innført noko som heiter helseatlas, som inneber ei nasjonal oversikt mellom sjukehus knytt til best praksis. Til dømes: dersom du har vondt i skuldera er det dobbelt så stor sjanse for å bli operert dersom du bur i Nordland enn dersom du bur i Stavanger. Nyare medisinsk forsking viser at mange burde heller fått fysikalsk behandling. I tillegg er det lange køar på slike inngrep. Resultatet er at unødvendig mange pasientar, må venta unødvendig lenge på unødvendig behandling. Ved hjelp av helseatlaset kjem sjukehusa tilbake til ein felles nasjonal standard. Slik vil me begynna å jobba på fleire og fleire område, svara Høie.