Lokal innsamling til krigsoffer i Ukraina
Open Heart har trappa opp naudhjelpa til dei utsette krigsområda i Ukraina. Fredag håpar organisasjonen på å fylla trailerar med mellom anna klede, sko og tepper, når dei kjem til Søfteland skule.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Lass med mat og klede går no uavbrote til krigsofra i Donetsk og Lugansk med omliggande landsbyar. Vi er ein av dei få norske hjelpeorganisasjonane som har engasjert oss i desse områda, seier Halvard Hasseløy.
Fryktar for sine liv
I desse områda lever befolkninga utan pengar. Dei får ikkje løn eller utbetalt pensjon, og har eit enormt behov for hjelp.
- Både militære og sivilbefolkning lir av sjokkskadar på grunn av forferdelege hendingar dei har sett eller opplever på grunn av krigshandlingane. Dagleg blir folk drepne i granatangrep. Born har blitt såra og øydelagt, eldre dør. Midt i dette har mange mista hus og heim på grunn av bombing og eksplosjonar. Folk har søkt ly under jorda i iskalde og kummerlege kjellarrom i frykt for sine liv, seier Hasseløy og legg til:
- Behova er alarmerande og internasjonale organisasjonar snakkar om katastrofe. Situasjonen vert forsterka av ekstrem kulde ned mot minus 25 grader.
Kjem til Søfteland neste fredag
Open Hearts trailerar kjem til Søfteland skule fredag 16. september.
- Her kan ein få være med å hjelpa menneske ved å levera inn sko, klede, teppe m.m. til innsamlingspunktet, seier Hasseløy.
Desperat svoltne
Fleire gonger i månaden køyrar Open Heart ut mat, klede og naudhjelp inn i krigsområda, ofte med fare for arbeidaranes liv.
- Kvar månad får tusenvis av menneske hjelp i form av matpakkar frå Open Heart. Nyleg delte vi ut 5.000 matpakkar til byane i aust-Ukraina. Folk var så desperat svoltne at dei stod ute i gatene i to timar for å venta på vår bil som kom med mat og hjelp, fortel Open Hearts medarbeidarar.