Kristin Stave i OBOS Stor-Bergen gav oss ein omvising i leilegheitene i Os Sjøfront No. 2. I blokk A er alle leilegheitene no overtekne. Blokk B og C er innflyttingsklare i mars.
Kristin Stave i OBOS Stor-Bergen gav oss ein omvising i leilegheitene i Os Sjøfront No. 2. I blokk A er alle leilegheitene no overtekne. Blokk B og C er innflyttingsklare i mars.

Lite støy, mykje osingar

Innflyttinga er starta i Os Sjøfront No. 2. Brorparten av dei som har kjøpt leilegheit i burettslaget kjem frå bygda.

- Det er nokre bergensarar som har kjøpt, då dei ønskjer seg til sjøkanten. Men stort sett er det osingar, eller nokon med sterk tilknytting til Os, seier salsansvarleg Kristin Stave i OBOS Stor-Bergen.

På omvising

Måndag føremiddag fekk Os og Fusaposten ei kort omvising i to av dei tre blokkene i burettslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Blokk A er innflyttingsklar. Om ikkje alle har flytta inn, så har dei i alle fall teke over leilegheita, seier Stave.

Vi vitja den dyraste leilegheita i både B- og C-blokka. 29 av 40 leilegheiter er selt, men ingen av desse. Storleiken varierer frå 55 til 85 kvadratmeter.

- Vi har sett på tilbakemeldingar frå Os Sjøfront No. 1, så kundane har hatt mykje å seia i dette prosjektet. Det er for kostbart med dei aller største bustadene, og så har me droppa dei aller minste, seier Stave.

I mars vert arbeidsbrakkene fjerna, og det blir stilt i Mobergsbakken. - Eigentleg skulle vi ha eit byggetrinn til, men Os kommune har kjøpt den tomta og vil byggja hotell, seier Stave.
I mars vert arbeidsbrakkene fjerna, og det blir stilt i Mobergsbakken. - Eigentleg skulle vi ha eit byggetrinn til, men Os kommune har kjøpt den tomta og vil byggja hotell, seier Stave.

Utforminga har kundane også vore med på.

- Her har vi også sett på tilbakemeldingar. Alle leilegheitene har terrasse med tak over, og alle har sjøutsikt, seier Stave.

Siste byggetrinn

I mars er prosjektet ferdig, og alle leilegheitene er overtekne. For første gang på lang tid vil det vera heilt stille i området.

- Byggetrinn to er over. Eigentleg skulle me ha eit byggetrinn nummer tre, seier Stave, og peikar mot parkeringsplassen mellom blokk C og Oseana.

- Her skulle vi byggja Os Sjøfront No. 3, men dette er blitt den mykje omtala hotell-tomta. Os kommune har kjøpt tomta for byggja hotell, seier Stave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkstøy?

Sidan det nye burettslaget ligg tett på vegen, utførte vi ei høgst uformell støymåling, som rett og slett var å testa om vi kunne høyra bilane som passerte. På baksida av bygget ut mot vegen, går det ein gang mellom leilegheitene.

- Her kan ein høyra bilane, men det er ikkje mykje bråk. Alle krav er møtt, slik at det skal vera minimalt med støy. Stove, stue og kjøken er plassert ut mot Os-hamna.

- Og her legg ein ikkje ein gong merke til bilane, seier Stave.

Det nærmar seg slutten for byggeprosessen i Mobergsbakken, men Stave er ikkje ferdig med å selja bustader i Os.

- Vi har hatt mykje jobb i Os dei siste åra. No held vi på med eit prosjekt i Solstrandvegen, og det blir nok meir jobb i åra som kjem, seier Stave og smiler.