Lita tannpine for fusingane
Sjølv om ikkje alle fusingar får time hjå tannlege i sin eigen heimkommune, har tannklinikken på Leiro i Eikelandsosen meir enn nok tid til dei pasientgruppene dei er pålagd å "sørva".
Det seier klinikkleiar, Atle Fjelltveit.
- Til å vera ein offentleg tannklinikk, gjev vi eit betre tilbod til vaksne, betalande pasientar enn mange andre klinikkar i området, seier Fjelltveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tannklinikken i Eikelandsosen har to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar fordelt på to stillingar.
- Kapasiteten er god når det gjeld dei som har rett på behandling ifølgje tannhelselova. Det vil seia personar som bur på institusjonar, eller har rett på heimesjukepleie, born og unge opp til 20 år, og dei som har fysisk eller psykisk utviklingshemming, forklarar Fjelltveit.
- Ikkje fylkeskommunalt ansvar
Klinikken tek òg mot vaksne, betalande kundar, så sant det er tid til overs. Det finst ikkje noko privat tannlegetilbod i kommunen. Dermed må vaksne som ikkje får time hjå tannklinikken på Leiro, anten reisa til Os, Tysnes eller Bergen.
- Det er kjekt at folk etterspør tenestene våre og har lyst til å koma her, men det er ikkje eit fylkeskommunalt ansvar å sørgja for at alle får tilbod om tannlege i heimkommunen sin, seier Fjelltveit.
Han presiserer at dersom det oppstår akutt tannverk eller tannskader, så får dei det gjeld sjølvsagt hjelp ved tannklinikken i Eikelandsosen.
- Folk har rett på helsehjelp ved akutte plager, men vi har ikkje høve til å ta oppfølgjinga her, seier tannlegen.
Han trekkjer fram ei anna problemstilling som kan vera aktuell.
- Dersom det er gamle, friske folk, som ikkje har bil eller sertifikat, eller som av andre grunnar, har problem med å koma seg av garde, prøver vi å hjelpa dei også. Men det skal ikkje gå ut over dei gruppene som har rett på behandling ved klinikken. Då hopar det seg fort opp i systemet vårt, seier Fjelltveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Akseptabel avstand
Tannlegen fortel at ifølgje framlegget til ny tannhelseplan (planen er enno ikkje vedteken av Hordaland fylkesting), er reisetida frå Fusa til Os eller Tysnes, der ein har private tannlegar, innanfor det som vert oppfatta som akseptabel reisetid.
Fjelltveit seier også at det er ingenting i vegen for å starta eit privat tilbod i Fusa.
- Spørsmålet er om det svarer seg å gjera investeringar i Fusa når vegen til Os likevel er kort, seier han.
Samarbeidet med dei private tannlegane i Os er, ifølgje Fjelltveit, godt. Tannlegane i nabokommunen tilbyr òg ein del spesialisttenester som ein tidlegare måtte heilt til Bergen for å oppdriva.
- Sånn sett er stoda betre i dag enn tidlegare, og det trur eg det er mange fusingar som er glade for, seier Fjelltveit.
Dersom det er gamle, friske folk, som ikkje har bil eller sertifikat, eller som av andre grunnar, har problem med å koma seg av garde, prøver vi å hjelpa dei.