Nils Nonås og Synnøve Lien.
Nils Nonås og Synnøve Lien.

Lionsklubben i Fusa satsar lokalt

Mykje av pengane Lionsklubben samlar inn går til naudsynte tiltak for dei som har det verre enn trygge fusabuarar. I år har klubben satsa mykje også i nærområda, blant anna med ny song- og musikkgruppe.

-Vi har konsentrert oss om ulike tiltak for yngre og eldre, fortel klubbleiar Egil Hauge.

Verd å nemne

Lionsklubben Fusa har engasjert seg i kampen mot narkotika i mange år. I tillegg til den årlege tulipanaksjonen er det halde kurs om «Det er mitt val» for lærarar på ulike klassetrinn. Dette går på førebyggjande arbeid mot m.a. mobbing og rus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Av andre lokale tiltak kan nemnast at m.a. Fusa Rockeklubb har fått tilskot. Dette vart ein vinn/vinn-avtale, for til våren skal rockeklubben halde konsert for funksjonshemma, i samarbeid med Lionsklubben, opplyser klubben i ei pressemelding.

-Det er rett at vi nyttar meir av innsamla midlar lokalt, seier Hauge.

- Det er jo fusingane som støttar oss økonomisk, anten det er privatpersonar eller næringsliv.

Haust og vinter

Klubben opplyser også at årets Fusakalender for 2017 no er i sal. Klubbmedlemmar og lokale fotoentusiastar har bidrege med bilete frå ulike stader i kommunen. Kalenderen kan kjøpast hos utvalde butikkar i Fusa eller hos medlemmane i Lionsklubben.

- Klubben garanterer at overskotet vil bli brukt til glede og nytte, heiter det i pressemeldinga.

Nytt i november er at Lionsklubben Fusa har sett saman ei song- og musikkgruppe. Denne gjengen skal ut til institusjonane i kommunen for å spreia litt glede, med høve til ein svingom.

Den tradisjonelle juletilstellinga for folk over 75 vert i år halde i samfunnshuset i Eikelandsosen 26. november.