Lions tulipanaksjon med ny vri
Laurdag 30. april går Lions sin tulipan-aksjon av stabelen over heile landet.
Som tidlegare år markerer også Lions Club Fusa denne dagen med stands i Strandvik, Fusatun, Eikelandsosen samt på Holmefjord og Baldersheim.
Her får du kjøpt tulipanar der overskotet blir delt mellom dei lokale Lions-klubbane og Lions sitt sentrale Tulipan-fond, øyremerka til arbeid blant born og unge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nytt i år er at Lions Club Fusa samarbeider med idrettslaga i Strandvik og Eikelandsosen om aksjonen, og klubben vår har bestemt at i år går heile det lokale overskotet av tulipan-aksjonen til desse to idrettslaga.
Så her kan du i tillegg til å skaffa deg fine tulipanar og dermed gi støtte til Lions, også støtta lokalt arbeid for born og unge.
Torstein Skåtun
Lions Club Fusa