Lilleballong på stigande kurs
Halvtanna år etter opninga kan partybutikken Lilleballong slå fast at det er meir enn nok luft i ballongen og at kursen er stigande.
Henning Heimdal og Olaug Gjelsvik kant gleda seg over at partybutikken ved Byvegen i Os er komen for å bli.
Etter ein noko moderat start har butikken stadig fått fleire kundar, og no byrjar det å visa på salstala.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har bortimot 50 prosent auke i månaden samanlikna med i fjor. Det er ein trend me kan lika, smiler Henning og Olaug.
Dei vedgår at tala ikkje var all verda gode den første tida, men at dei visste at det ville ta tid å få "hjula" skikkeleg i gang.
- Det er alltid slik når ein startar noko nytt. Det tek tid å nå ut med at ein finst, og det tek tid før "gode rykte" spreier seg og jungeltelegrafen fortel at det er ein butikk verd å vitja, seier Heimdal.
Blir Qualatex-butikk
Eit kvalitetsstempel dei verkeleg er stolte av er at dei innan kort tid vert den første ballong-butikken i Noreg som får føra heile produkt-katalogen til verdas største ballong-produsent, Qualatex.
- Det er eit ansvar som medfører eit visst ansvar. Når me får inn Qulatex-produkta tek me på oss også å kunna laga alle ballong-dekorasjonane i produkt-katalogen deira. Ergo må me kursa alle våre tilsette, fortel Heimdal.
Kurset får dei av ein av Noregs mest kjente ballongkunstnarar, Petter Vaborg, eller Melvin Tix.
- Han er kjent både som orkestar-dirigent og ballongkunstnar, og i Noreg er han importør av Qualatex-ballongar, fortel Heimdal.
- Kvifor vert det så stort for dykk å få inn denne amerikanske kjeda sine produkt?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mest av alt fordi det er gode produkt, og fordi det medfølgjer ein flott produktkatalog med eit utall flotte dekorasjonark, seier Olaug.
I samband med nysatsinga får butikken også eige nettbutikk.
Fest og aktivitetar
Halvtanna år etter opninga har familiebedrifta Lilleballong fått ein kundeskare som strekkjer seg frå Stavanger til Nordhordland. Henning og Olaug er godt medvitne om at dei tilbyr produkt som det ikkje er så lett å få tak i elles i landet.
- Per dags dato er det berre 10-12 andre ballongbutikkar i landet. Eg meiner bestemt at vår er blant dei største, seier Heimdal.
- De har fokus på feiringar og store dagar, sel de alt ein treng for slike festar?
- Me prøver jo på det. Dette er jo ein partybutikk, så då må me ha litt av kvart, seier Olaug.
I tillegg til ballongar sel dei kakeutstyr, konfetti, pinataer og koppar og fat av det meir festlege slaget, fortel dei.
Butikken leiger også ut underhaldnings-utstyr til festar og bursdagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Til sommaren ønskjer me at party-konseptet vårt kjem endå meir fram for forbikøyrande, seier Olaug.
- Ja, då skal me ha hoppeslåttet permanent oppslått utanforher, humrar Heimdal.
- De har også ønske om å kjøpa bygget her?
- Ja, me meiner huset og plassen er heilt perfekt for oss. Dersom me får med oss banken på prosjektet, kjøper me kanskje huset til sommaren, seier Heimdal.
Mange pyntejobbar
Lilleballong har seld seg bra ut i marknaden som ballong-pyntar. Sidan starten har dei sponsa mange lokale arrangement.
- Det er jo slik. Dersom folk skal sjå kva me kan og kva fine dekorasjonar kan gjera for ein fest eller andre happeningar, så må ein gje litt ved dørene, seier Heimdal.
Til no har butikken pynta for Os Turn i samband med cupkampen mellom Os og Brann og til opninga av idrettsparken på Kuventræ, til skuleball-tilstelingar ved ungdomsskulane i Os og Fusa, til opninga av Knutabruo og til andre mindre arrangement i bygda.
- Dette håpar me å få gjera meir av i framtida. Ballongar er eit artig supplement til blomar. Dessutan slepp ein å vatna dei, humrar Heimdal.