Ligg an til raudgrønt fleirtal - Gahr Støre kan få si draumeregjering
Førehandsrøystene er offentleggjorde. Valdirektoratets prognose viste fleirtal for Ap, Sp og SV.
Støre ligg per no an til å bli landets nye statsminister. Draumeregjering med Ap, Sp og SV er også innan rekkevidde - med 85 eller fleire mandat.
MDG, V og KrF ligg akkurat kring sperregrensa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kl 21 låg MDG over sperregrensa og låg an til å få inn 7 representantar på Stortinget.
Prognosen kl 21 viste ein oppslutnad for Raudt på 4,7 prosent. Det vil gje 8 mandat, sju meir enn inneverande periode.