Leverte ønskeliste i sommar. Får berre oppfylt eitt ønske
Det var ikkje full klaff, men Bjørnafjorden kommune fekk i det minste gehør på eitt punkt.
Bjørnafjorden kommune ønskjer fartsreduserande tiltak i Os sentrum. Difor sende leiar for samferdsle og VA, Agnete Haugland, ei melding til Vestland fylkeskommune i sommar.
I meldinga frå juli, skriv Haugland at kommunen ønskjer fartsgrense på 30 km/t inn mot rundkøyringa i sentrum. Dette gjeld retning Moberg, Hatvik og nordover.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er mykje folk som beveger seg her, og mykje trafikk, fortel Haugland.
Travle overgangsfelt
Mellom Esso og Vognhallen, bad Bjørnafjorden kommune om at gangfeltet vert heva. Ein ville også 'løfta opp' gangfeltet som går mellom parkeringa på gamle bensinstasjonstomta og bussterminalen.
I tillegg til at det er mange køyrande og gåande i området, er overgangen rett ved eit kryss.
Sist, men ikkje minst, bad kommunen om å forlengja dagens 40-sone frå YX-7-Eleven og inn mot sentrumskjerna. Det er eit ønske å flytta skiltet lengre nord — til litt forbi busstoppet ved Jordmorsvingen.
— Det er nedsett fartsgrense i nærleiken av skular mange stader. På Søfteland til dømes er det 40-sone ved skulen. Det er mange som kryssar vegen ved overgangsfeltet i Jordmorsvingen. Det er rett nok lysregulert der, men likevel, seier Haugland.
Viser til resultat av fartsmåling
Vestland fylkeskommune har kome med svar til kommunen. Christian S. Rye, rådgjevar forvaltning Bergen, skriv at det er utført fartsmåling ved overgangsfelta inn mot rundkøyringa. Resultatet viser at gjennomsnittsfarten er under fartsgrensa på begge vegane.
— Med bakgrunnen i fartsnivåa som er registrert, vurderer vi difor at vi ikkje ønskjer å prioritera etablering av opphøgde gangfelt på dei to aktuelle stadene, skriv Rye.
Når det gjeld å setja ned fartsgrensa frå 40 km/t til 30 km/t, skriv Rye at dei jamfør krav i handbøkene, vurderer at det ikkje er grunnlag for dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden kommune er derimot blitt høyrd når det gjeld utviding av 40-sona nordover frå YX-7-Eleven. Rye opplyser at det er send innstilling til Vegvesenet om å forlengja denne i tråd med kommunens ønske.
— Fylkeskommunen har vidare eit ønske om å fjerna eksisterande, langsgåande rekkverk på vegstrekninga og etablere fortau. Dette for å styrkja gatepreget på strekninga, skriv Rye.
Som forventa
Haugland er nøgd med at fartsgrensa vert sett ned til 40 km/t før kryssinga ved Jordmorsvingen. Elles er svaret som forventa frå fylkeskommunen.
— Dei har utført fartsmåling som viser at fartsnivået er under fartsgrensa. Det er det same vi held oss til når vi utfører målingar på kommunale vegar, og svaret er difor som venta når det ikkje er grunnlag for fartsreduserande tiltak, seier Haugland.