Lesarbrev: Høgst æra ordførar Terje Søviknes
Vi har visst ein del å snakke om når det gjeld sjofle, usaklege personangrep og annan skitkasting. Og ikkje minst om menn og ballar.
Kjære kommunestyrerepresentant? Anar eg ein klassisk hersketeknikk? Sjå, eg og kan!
I innlegget du svarer på nemnte eg tre saker der FrP/H har stemt ned opposisjonen. Men eg ordla meg ikkje like presist som du kanskje er blitt van med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du reagerer på at motorvegen ikkje skal gå “gjennom” Øyane, men i tunnel under. Eg tenkjer at den fremste eigenskapen til ein tunnel ligg godt planta i ordet “gjennom”. Er det betre om eg seier motorveg gjennom vårt viktige oppvekst- og friluftsmiljø på Kuventræ der vi har brukt mangfaldige millionar på idrettsanlegg?
Kjøkenforslag nedstemt
Du har rett i at vi ikkje har vedtak om å riva Fjellheim. Eg innrømmer feil. Men eg er neppe åleine om å tolka vedtak om omregulering til tett bustad som eit implisitt vedtak om riving. Men nei, vi har ingen vedtak om riving, bygget står framleis som eit tomt skal. Orsak.
Det tok årevis å kome fram til å ikkje ha eit vedtak om ikkje å byggje kjøken. Før det var vedtaket å ikkje byggje kjøken. Kommunestyret har gjort mange forskjellige vedtak relatert til dette, men du kjem ikkje unna at FrP/H ved dei fleste høve har stemt ned kjøkenforslag frå TvS, AP og resten av oss i opposisjonen!
Desse tre sakene brukte eg som eksempel på korleis kommunestyret har vore splitta i midten i store og viktige saker. Eg trur dei fleste vil forstå kva eg prøvde å formidle.
Om menn og ballar
Vi spelar ikkje fotball. Om mannen er problemet, så er det ei avsporing å løpe etter ballen. Aspenes har eit stort personleg ansvar med mykje makt både i og utanfor politikken. Han har ikkje forvalta det ansvaret godt nok i inneverande periode. Eg heiv han ikkje fysisk ut av parkeringsutvalet, men då ingen andre problematiserte at han sat på begge sider av forhandlingsbordet vart eg nøydd å fremsetje krav om juridisk vurdering. Så ja, om mannen ikkje har styring på kor mange ballar han har i sving, då ropar eg på innbyttar. Os og Fusaposten har kopi av e-postane i denne saka. Eg hugsar for øvrig at eg stille lot FrP endra mannskap i utvalet utan å kommentere i pressa korleis og kvifor det gjekk til.
Du har rett i at politiske parti sjølv vel kven dei vil ha i forskjellige verv. Eg har ingen formell innverknad på det. Men eg står heilt fritt til å meine kva eg vil.
Aksepterer ikkje løgn
Terje Søviknes kallar meg ein løgnar. Det likar eg ikkje.
Utsegnet mitt var todelt. Eg refererte til ei BT-sak frå mai i år der det står ordrett: «Det er særleg utvalsleiar Gustav Bahus som har fått kritikk for møteleiing og at han har ein ufin tone». Ut over dette er politisk leiing eit veldig vagt begrep som lett kan forstås som så ulike ting som ordførar, formannskap, gruppeleiarar, utvalsmedlemmer eller heile kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Maktmisbrukdebatten trudde eg vi var ferdige med. Det er ikkje maktmisbruk å vinne ei votering, men det er maktmisbruk å kreve at rådmannen skal kvitte seg med kommunalsjef og plansjef. Sjølv om rådmannen ikkje fulgte den underlege «instruksen» frå posisjonspolitikarane, så sit vi her eit godt år seinare og manglar både kommunalsjef og plansjef, og fleire andre tilsette i same eining.
Eg fer ikkje med løgn. Men eg hugsar då du kalla meg bilhatar på Facebook fordi eg ville ha mindre bilkaos i sentrum. Eg hatar ikkje bilar. Eg likar motorsport, også som utøvar. Det veit mange av medlemmene i Bjørnafjorden FrP. Om du vil køyre om kapp meg meg kan eg sjekke om vi kan arrangere eit lite løp på den nye motorcrossbana.
Openheit om openheit
Eg insinuerer ikkje noko om ansvarleg styring, openheit og arbeidsgjevarpolitikk, eg seier det rett ut. Eg meiner dagens styring ikkje er god nok. Detaljane har eg grunngjeve ettertrykkeleg dei siste månadane.
Det er flott om du har vorten oppteken av openheit, men det verka ikkje slik i PBU-saka. Om de er like opptekne av openheit som meg, så skjøner eg ikkje kvifor det ikkje var mogleg å nytta riktig verktøy for å avslutte PBU-saka. Å stemma ned forslag om gransking etter vårt eige regelverk var ettertrykkeleg feil vedtak, og debatten i kommunestyret var skuffande.
Eg har korkje kvit hest eller tilhøyrande kjerre. Men eg er med på å diskutere politikk. Eg skulle ønskt at de i FrP og Høgre også ville diskutere politikk, men svært ofte sit de stille i kommunestyret utan å svare på spørsmål, og de voterer utan å ta omsyn til argument som blir presenterte på talarstolen frå opposisjonen.
Vi i Miljøpartiet Dei Grøne vil halde fram med å snakke om det vi alt har snakka om dei siste åra, og vi har mange nye idear til korleis kommunen kan bli betre.
Vi vil få på plass ungdommens hus i Os, og vi vil at Oseana skal få driva kulturverksemd i Fjellheim. Vi vil absolutt ikkje ha bru over Bjørnafjorden, men ønskjer oss meir buss, meir ferge, trygge gang- og sykkelvegar, rassikring og gule striper. Det må bli slutt på parkeringskaoset på Øyro, vi vil gjere delar av sentrum om til gågate, og arbeide vidare for parkeringsanlegg i fjell så vi kan frigjere viktig areal til leikeplass, park, kafé eller andre meir nyttige ting enn stilleståande bilar.
I tillegg er vi opptekne av å ta vare på matjord og at kommunen skal gjere sitt for å redusere klimagassutslepp. Interesserte kan finne heile valprogrammet på nettsidene våre eller ringe meg direkte (413 08 411).
Artikkelen held fram under annonsen.
Det skal handle om politikk både før og etter valet. Men - om vi i nye Bjørnafjorden kommune hamnar i like dårlege prosessar som vi har i Os i dag, så lovar eg å mase om prosess og openheit. Ustanseleg. Om eg ein sjeldan gang finn det naudsynt å ta mannen i staden for ballen, så gjer eg det.
PS! Eg har framleis ikkje fått den juridiske avklaringa om notatet i PBU-saka som du personleg lova å sende meg Terje, og eg er usikker på om du meinte å kalle meg inn på teppet via avisa, du nevnte ikkje noko tid som passa for deg.