Madeleine Berge Midtseter hadde henta post på Coop, og skulle køyra ut i krysset ved Lundehjørnet. Framfor ho stod fire bilar, og tre av dei blinka til venstre sjølv om det er påbod om å køyra til høgre. - Frykteleg irriterande, seier ho.
Madeleine Berge Midtseter hadde henta post på Coop, og skulle køyra ut i krysset ved Lundehjørnet. Framfor ho stod fire bilar, og tre av dei blinka til venstre sjølv om det er påbod om å køyra til høgre. - Frykteleg irriterande, seier ho.

- Les de ikkje skilt, osingar?

Madeleine Berge Midtseter blei mektig irritert då ho hadde henta post på Coop, og skulle køyra ut i krysset ved Lundehjørnet.

- Det stod fire bilar framfor meg i køen. Tre av dei blinka til venstre, sjølv om det er påbodsskilt som viser at det berre er lov til å ta til høgre. Eg lurar på om dei køyrer på gamal vane, eller om dei rett og slett ikkje bryr seg, seier Midtseter.

Frykteleg irriterande

Ikkje trur ho det er spesielt tid-sparande å bryta påbodet heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er frykteleg irriterande at folk gjer slikt. Eg forstår ikkje kvifor. Med auka trafikk gjennom Os sparer ein uansett tid ved å køyra til høgre for så å snu ved Best-stasjonen eller noko slikt. Då får ein ikkje bot, og ein øydelegg ikkje for dei som følgjer reglane, seier ho og legg til:

- Eg veit ikkje kva andre gjorde på køyreskulen, men eg lærte i alle fall at det skiltet betyr at det er påbod om å køyra til høgre.

Kjem til å overvaka og sanksjonera

Lensmann i Os Oddbjørn Dyrdal fortel at dei alt før påbodsskiltet kom på plass tenkte at dette kom til å bli eit problematisk kryss. Han varslar at politiet kjem til å følgja med.

- Vi kjem til å overvaka, og sanksjonera mot dei som ikkje følgjer reglane. Det vil bli skrive ut eit forenkla førelegg til dei som tek til venstre, og det medfører nokre tusenlappar i bot, seier Dyrdal.