Politi og BKK er ferdig på staden. Vegen er opna att
Eitt tre velta over nokre straumleidningar på Lepsøyvegen i føremiddag.
Meldinga om trevelten kom klokka 11.49. Treet som velta, var kring 10 meter langt, og låg over Lepsøyvegen like før Lepsøykrysset.
Vegen er stengt, og kjem truleg til å vera det ei stund framover, var beskjeden frå politiet i føremiddag. Etter kvart rykte også BKK ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det går nokre timar før vi er klare. I beste fall får vi opna eitt felt etter kvart, opplyste BKK til Os & Fusaposten i 13.30-tida.
BKK fekk hjep frå brannvesenet med å sikra staden.
– Det er BKK som må fjerne leidningane, som er straumførande, opplyste skadestadsleiar i politiet, Kjetil Hansen.
Klokka 14.30 skriv Vest politidistrikt i ei melding på X at politi og BKK er ferdig på staden. Vegtrafikksentralen vest følgjer opp med at treet er fjerna, og at det er fri ferdsel på Lepsøyvegen.