(Arkiv
(Arkiv

Lepsøyvegen: 25(!) bøter på to timar

- Me er klare over at det er ein del som køyrer for fort i dette området. Difor er dette eit område me har ekstra fokus på, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Området som politioverbetjenten snakkar om, er Lepsøyvegen frå Os Lakk og Karosseri, vidare i Storumsbakken og ut i Øyane. I går var det ikkje Os lensmannskontor som hadde kontroll, men UP.

- Dei hadde kontroll frå 18.30 til 20.30. Dei kontrollerte begge køyreretningar. 25 forenkla førelegg vart skrivne ut. 23 hadde for høg fart, og to for feil bruk av lys. Dette er veldig høge tal, og absolutt ikkje bra, seier Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dokument og teknisk stand

Os-politiet hadde også kontroll i går. På Hatvikvegen i 21-tida i går, kontrollerte dei dokument og teknisk stand.

- Me kontrollerte 35 bilar. Tre førarar fekk gebyr fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet, seier