Dette er kajakken som er funnen. Poltiet bed om tips om nokon kjenner til kajakken. Kajakken er av typen Hasle Excursion 520.
Dette er kajakken som er funnen. Poltiet bed om tips om nokon kjenner til kajakken. Kajakken er av typen Hasle Excursion 520.

Leiteaksjon i Øyane - søka held fram på morgonen

Samtlege naudetatar rykka i går kveld ut etter melding om skrik om hjelp frå sjøen i Lepsøy. Framleis er det ikkje gjort funn, og dei same områda som det har vore leita i i natt skal no søkjast i på nytt. Det opplyser operasjonssentralen ved Hordaland politi,

Meldinga om skrik om hjelp kom vel klokka 23 i går kveld. Store ressursar har i  heile natt søkt både på land og i sjø.

Politi, brann, Røde Kors, Norske Redningshunder, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp og fleire sivile har vore med i søket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er gjort funn av ein kajakk og ei åre.

- Me held på med mannskapsbyte no på morgonen. Området som det er søkt i i natt skal søkjast om att no, seier vakthavande vedoperasjonssentralen. Herfrå vert det også opplyst at dei per no ikkje har fått inn noko sakna-melding frå området.

Ein person har ringt inn og sagt det kanskje er hans kajakk, men politiet jobbar med å få dette stadfesta.