Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Leiteaksjon i Os - mannen er funnen

Mannen (19) som forlot heimen iført berre undertøy i Os i morgontimane er funnen - tilsynelatande i god behald.

Det opplyser operasjonssentralen i Hordaland.

Mannen vart funnen ikkje langt frå adressa han vart meldt sakna frå. Patrulje er no på veg til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politi, Røde Kors, brannvesen og dykkarar deltok alle i redningsaksjonen.

Brannvesenet var ute med fleire mann som leita opp langs Oselvo.

- Det er usikkert om han har forlatt eigen eller nokon andre sin bupæl, opplyste operasjonssentralen i Hordaland då aksjonen pågjekk.