Leiteaksjon er sett i gang: Ser etter mann i 50-åra
Skal ha vore borte i over eitt døgn.
Det er Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, som opplyser om leiteaksjonen i ei melding.
Den sakna mannen skal ha vore borte i over eitt døgn. Han blir skildra som lys i huda, om lag 183 centimeter høy, og kraftig bygd. Han skal vera iført t-skjorte, mørk/svart shorts og svarte joggesko.
Artikkelen held fram under annonsen.
Per no er Røde Kors i sving med eit mannskap på 15. Norske Redningshunder med sju ekvipasjar og Norsk Folkehjelp med éin droneførar.
— Brannvesenet stiller også med droneførar, skriv Rebnord.