Leikeplassen er opna!
Etter mykje om og men er endeleg leikeplassen på Lyngheim klar.
Ein av dei som gler seg over det, er kommunalsjef Aina Tjosås. Ho meiner at leikeplassen kan bli eit populært aktivitetstilskot. Då Tjosås gjekk tur på Lyngheim, fekk ho sjå at det aula med ungar og foreldre på den nye leikeplassen på Lyngheim.
- Det er kjekt å sjå at det blir brukt. Det er nettopp det vi ønskjer, seier Tjosås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har gått unna etter sommaren
Før sommaren i fjor sende kommunen ut eit forslag til utforming av leikeplassen. Der kom det ein del reaksjonar.
- Det var fleire som ikkje var heilt nøgde med det første utkastet. Vi er komne fram til at denne plasseringa, i ly av åsen, ikkje til sjenanse for nokon, er det beste for alle partar, seier Tjosås og legg til:
- Av og til blir ting betre når det tek tid. Det har vore mange partar inne i biletet.
Etter sommaren blei det bestilt apparat. Desse blei levert rett før jul.
- Då måtte ein venta på godt nok vêr til å leggja dekket, så det har stått ei stund. No er det på plass, og vi kunne fjerna gjerda kring. Det gjekk kanskje tregt før sommaren, men etter sommaren har det gått så raskt som det kunne gå, seier Tjosås.
Skal jobba vidare med området
Opprustinga av området er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftinga det historiske tunet på Lyngheim, Grannelaget Aust om elvo og Os kommune, som har stått for folk og stein.
- Grannelaget har finansiert mykje og vore aktive. Stiftelsen Lyngheim har gjort ein kjempejobb med terrenget og tømt bosshaugen. Det er dei som har organisert dette. Takk vere dei har det blitt så bra som det har blitt, seier Tjosås, og legg til at dei ikkje er ferdige med opprustinga av området.
- Vi skal setja opp utandørs trimapparat, slik at turgåarar kan ta seg ein trimpause. Akkurat kvar vi skal plassera det, er ikkje bestemt. I skogholtet vil det koma fleire sitjegrupper, slik at det kan bli ein skikkeleg piknik-plass.