Lei av å venta på E39-avklaring
I fjor fekk Øyvind Tøsdal i Byggconcept brått melding om at bustadprosjektet på Kuventræ kan vera for nært nye motorvegen. No etterlyser han svar.
Øyvind Tøsdal har ikkje høyrt noko meir frå Statens Vegvesen etter at deii fjor sommar gjekk ut med beskjed om at bustadprosjektet på Kuventræ kan vera for nært nye motorvegen.
- I arbeidet med den statlege kommunedelplanen for E39 er det lagt opp til ei byggjegrense mot vegen på 100 meter frå vegmidte. Dei planlagde bustadene på Kuventræ vil koma innanfor byggjegrensa, og ligg såleis svært ugunstig til i høve E39, heitte det i uttalen datert 5. juni, frå Sindre Lillebø i Statens Vegvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny E39 må vel leggjast lenger vest?
Då Øyvind Tøsdal i Byggconcept fekk meldinga, valde han å setja arbeidet med dei ca. 70 nye husværa for unge i etableringsfasen på vent inntil vidare. Men han har ikkje gjeve opp, og etterlyser no svar frå Statens Vegvesen.
- Me tek det for gitt at dei 100 metrane ikkje er ei absolutt grense, men eit tal som vert nytta for å vera trygge på at nye bygg ikkje kjem for nær ny motorveg. Men eg kan ikkje skjøna anna enn at ny parallelltrasé til eksisterande E39 vil koma vest for noverande E39, skriv Tøsdal i eit brev til Statens Vegvesen .
Dagens motorveg ligg like ved både barnehagar og næringsbygg i Kolskogen, og ei rekkje bygg vil hamna innanfor 100-meters-grensa dersom vegen skal følgja dagens vegline.
Kan svara i mai
Kari Elster Moen i plan- og forvaltningsseksjonen hjå Statens Vegvesen region Vest har sendt eit førebels svar til Byggconcept.
- Prosjektleiinga for E39-prosjektet Os-Stord opplyser at dei treng noko meir tid før dei kan gje dykk ei avklaring. Dei estimerer at dei kan vera klare til 1 mai, svarer Moen.