Ordførar Terje Søviknes (Frp) har ingen konkrete forslag til ledig bygningsmasse som kan eigna seg som asylmottak i Os. (Arkivfoto)
Ordførar Terje Søviknes (Frp) har ingen konkrete forslag til ledig bygningsmasse som kan eigna seg som asylmottak i Os. (Arkivfoto)

Ledig bygningsmasse kan bli asylmottak

UDI arbeider med å etablera nye asylmottak over heile landet, og har bede kommunane om å rapportera om ledig bygningsmasse. - Vi har ingen konkrete forslag per dags dato, seier ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp).

Det same svarar kollegaen hans i Fusa, Atle Kvåle (Ap).

- Vi registrerer førespurnaden, og så må vi sjå på kva moglegheiter som finst i tillegg til dei flyktningbustadene som er registerte så langt, seier Kvåle og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kan ikkje peika på nokre konkrete stader her og no, men vi skal gå grundig gjennom førespurnaden.

5.000 i september

I eit brev til kommunane i Hordaland, bed Fylkesmannen, Direktoratet for samsfunnsikkerhet og beredskap (DSB) og UDI Vest, kommunane om å kartleggja om det finst lokale som kan eigna seg som innkvartering for asylsøkjarar.

- Høge ankomsttal fører til behov for fleire tusen nye mottaksplassar og UDI arbeider med å etablera nye mottak over heile landet, skriv Fylkesmannen.

Berre i september kom det nesten 5.000 asylsøkjarar til Noreg, går det fram av brevet.

- Mange kommunar har bygningar som ikkje lenger vert nytta til det tiltenkte føremålet, skriv Fylkesmannen og bed kommunane om å rapportera om ledig bygningsmasse.

- Det er trong for lokale både til kortsiktig bruk og til meir langsiktige opphald, heiter det i brevet.

Ulven leir?

Brevet vart sendt til kommunane 15. oktober. Alt sju dagar seinare, gjekk fristen for rapportering ut.

- Dette er ein kort frist, men situasjonen krev omgåande løysingar når det gjeld innkvartering av asylsøkjarar, påpeikar Fylkesmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då «Os og Fusaposten» snakka med Søviknes om saka, hadde han akkurat diskutert brevet med administrasjonen i kommunen.

- Brevet vart journalført på feil stad, så vi har ikkje fått høve til å svara enno. Det er berre å beklaga, men vi er på sporet, understrekar ordføraren.

På ståande fot trur han ikkje det finst ledig bygningsmasse i kommunen som eignar seg som asylmottak. Førespurnaden frå Fylkesmannen gjeld areal som kommunen sjølv disponerer.

- Stadene der ein har høve til å overnatta, er stort sett i bruk, seier han.

- Det einaste eg kjem på i farten, er Ulven leir. Men i motsetnad til mange andre militærleirar, så er Ulven leir i operativ drift. Korleis Forsvaret stiller seg til noko slikt, må Forsvaret sjølv få høve til å svara på, understrekar ordføraren.

I brevet går det fram at mange kommunar i Hordaland kan verta kontakta av ulike operatørar som ønskjer å driva mottak.

Fylkesmannen skriv òg at dersom UDI ønskjer å nytta innrapporterte lokale som mottak for flyktningar, så vil kommunen verta informert og følgt opp som vanleg ved etablering av mottak.