Kygo og Aurora Aksnes var blant artistane på Nobels fredspriskonserten i Telenor Arena fredag. No seier Kygo at han ønskjer å samarbeida med artisten frå Drange. (Arkiv
Kygo og Aurora Aksnes var blant artistane på Nobels fredspriskonserten i Telenor Arena fredag. No seier Kygo at han ønskjer å samarbeida med artisten frå Drange. (Arkiv

Låt-samarbeid mellom Aurora og Kygo?

Stjerne-DJen frå Bergen ønskjer å samarbeida med Aurora Aksnes.

Kyrre Grøvell-Dahll, betre kjent som Kygo, seier til TV 2 at han drøymer om eit låtsamarbeid med Aurora.

- Eg var faktisk i studio med ho for litt over eitt år sidan. Me hadde nokre idéer, men me får sjå om me kjem oss i studio og får laga ein skikkeleg låt, seier Kygo til TV2.

Artikkelen held fram under annonsen.

DJen skryt av Aurora

Aurora Aksnes framførte låtane sine «Half the world away» og «Runaway» på Nobels fredspriskonserten i Telenor Arena fredag. Der opptrådde også Kygo, saman med blant andre Kurt Nilsen og A-ha.

Kygo kom også med skryt til artisten frå Drange.

- Aurora er veldig flink. Ho er berre 19 år gamal, og det er imponerande kva ho har fått til, seier han til TV 2.