Lastebil skal ha hamna i grøfta. Lange køar på staden
Trafikkuhellet fann stad i Gjerdevik i ettermiddag.
Os & Fusaposten har fått tips om at ein lastebil skal ha hamna i grøfta i Gjerdevik på Fusa-sida av Bjørnafjorden. Trafikken skal ifølgje lesaren ha stått stille i lang tid.
– Det er lange køar i begge retningar. Redningsbil er på plass på staden no, opplyser tipsaren til avisa i 19.40-tida.